Sjeldan månefenomen – blå supermåne blei raud

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måneformørking skjer når sola, jorda og månen er på linje. Formørkinga onsdag er likevel spesiell sidan månen er uvanleg nær jorda, berre 360.172 kilometer unna. Dessutan var dette den andre fullmånen innanfor den same kalendermånaden, noko som blir omtalt som ein «blå måne», skriv astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes på nettstaden astroevents.

Ei total formørking av ein slik måne skjedde sist gong 31. mars 1866.

Når månen blir formørka oppstår det ein spesiell glød. I Noreg var det hovudsakleg folk nord i landet som kunne sjå fenomenet i landet denne gongen.

Sist gong det skjedde ei supermåneformørking var 28. september 2015. Neste supermåneformørking skjer i 2033, men blir ikkje synleg frå Norge. Då vil heller ikkje månen vera så nær jorda som i år. (©NPK)

LES OGSÅ: Fann vassdamp på Jupiter-måne