Snart får vi den lengste totale måneformørkinga i vårt hundreår

I ein periode på to veker frå slutten av juli, får vi oppleve både måneformørking, solformørking og kan følge med på ein historisk romsonde med kurs mot sola

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 29.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard i Astroevents.

Fredag 27. juli skjer den mest langvarige totale måneformørkinga på Jorda i vårt århundre. Formørkinga blir synleg i det meste av landet, men i Sør-Noreg vil vi rett under den formørka Månen òg sjå Mars som ein lysande, raud flekk. Mars er nemleg denne kvelden nærmare Jorda enn på 15 år.

I 2003 var avstanden til Mars nede i 55,8 millionar kilometer, da den kortaste avstanden på nesten 60 000 år, og den 27. juli vil avstanden vere 57,6 millionar kilometer, 150 gongar avstanden til Månen.

Mars illustrert ved hjelp av Autodesk Maya og Adobe Photoshop og MOLA. Kevin Gill/Flickr/CC BY 2.0

Dette er det nærmaste Mars kjem kloda vår før romfartspioneren og Tesla-gründeren Elon Musk planlegg å lande menneske på marsoverflata i 2024. Vinterens vellykka prøveoppskyting av kjemperaketten Falcon Heavy vart omtala som «første skritt på vegen til å gjere menneska interplanetariske», og gjer ifølge Astroevents òg at ein kan setje igang kolonisering av månen om få år.

For første gong til sola

31. juli, berre fire dagar etter måneformørkinga, sender NASA ut ei sonde som skal besøke sola. Sola er det siste store objektet i solsystemet vi aldri før har besøkt på nært hald med eit ubemanna fartøy.

Illustrasjon av Parkers solsonde som nærmar seg sola. Illustrasjon: Johns Hopkins University Applied Physics Laboratory

Solsonden Parker skal etter kvart komme ekstremt nær sola, trasse enorme temperaturbelastningar, og skal gjere direkte målingar i sola si atmosfære. På det nærmaste vil sonden vere berre 6,2 millionar kilometer frå soloverflata. Dette blir aller første gong vi besøker overflata av ei stjerne, og sonden vil gi svar på fleire spørsmål rundt sola, solatmosfæren og korleis ho påverkar omgivnadene, inkludert Jorda.

Solformørking og kraftig meteorsverm

Laurdag 11. august får vi sjå den største solformørkinga sidan kjempeformørkinga våren 2015. Formørkinga kan ein sjå på føremiddagen rundt kl. 11, avhengig av kor ein bur i Noreg. I Nord-Noreg blir 20–30 % av sola dekt av Månen. På Austlandet blir formørkinga òg synleg. Lengst sørvest i landet blir formørkinga lita og kortvarig, men med solformørkingsbriller kan ein sjå eit lite hakk i solskiva.

På kvelden same dag som solformørkinga, byrjer nemleg høgdepunktet på ein av årets aller kraftigaste meteorsvermar, Perseidene.

Med andre ord, så er det mange grunnar til å finne seg ein fin plass, lene seg godt tilbake og sjå opp mot himmelen mot slutten av sommaren!