Irland sel seg ut av alle investeringar i fossil energi, men norske styresmakter vil ikkje lova det same for Oljefondet – ikkje enno iallfall.
mm

Tidlegare i sommar vedtok den irske nasjonalforsamlinga at landet skal selja seg ut av alle investeringar i kol, olje og gass.

– Det er eit teikn i tida, seier analytikar i Nordea Thina M. Saltvedt til Framtida.

Saltvedt har vore oljeanalytikar i mange år, men arbeider no med berekraftig finans og kallar seg heller «fornybaranalytikar».

– Stor signaleffekt

– Irland har ikkje eit digert oljefond som oss, men det har likevel ein stor signaleffekt når eit heilt land vel å trekkja seg ut av olje- og gassnæringa, seier ho.

Fornybaranalytikar i Nordea Thina M. Saltvedt seier investorar som tenkjer langsiktig, no er mykje meir skeptiske til oljenæringa.
FOTO: ANDREAS S. BJERKNES

– Om Noreg gjorde det same, ville verda definitivt lagt merke til det. Det er ofte dei store aktørane som går føre, så kjem dei små etter. Oljeindeksane i verda fall merkbart då Noregs Bank kom med utspela om Oljefondet i fjor, held ho fram.

Saltvedt siktar til framlegga frå Noregs Bank om at Oljefondet bør selja seg heilt ut av fossil energi, ikkje berre kol, som blei vedteke i 2015.

Oljefondet, eller Statens pensjonsfond utland, eig 1,4 prosent av alle aksjane i verda og er mellom dei største pengefonda som finst.

Les også: Oljefondet tomt i 2043

Nølande regjering

Total «deinvestering» frå fossile brensler er ikkje noko nytt – byar som Paris og New York har òg vedteke det, og dessutan meir enn 60 universitet i Storbritannia. Fossilfrie blir òg tre norske universitet: UiO, NMBU og NTNU. Men regjeringa vil ikkje utan vidare lova det same for Oljefondet.

– Det er viktig at det blir investert langsiktig, føreseieleg og konservativt i Oljefondet. No skal regjeringa ta ei grundig vurdering, så tek me stilling til det seinare, sa Nikolai Astrup, dåverande finanspolitisk talsmann i Høgre, til Aftenposten etter at Noregs Bank gjekk ut med tilrådingane sine.

Det var i november i fjor, og dei er framleis ikkje komne fram til noko.

– Me har nedsett eit ekspertutval som kjem med ei tilråding i august, og så kjem regjeringa med ei sak til Stortinget i løpet av hausten, seier Vetle Wang Soleim (H), medlem av Stortingets finanskomité, til Framtida.

Les også: Oljefondet tener på Pokémon Go

Kan påverka òg gjennom å vera eigarar

– Meiner de i Høgre at Noreg med sitt store oljefond har eit samfunnsvar?

– Ja visst, Oljefondet utøver samfunnsansvar kvar dag. Dei investerer ikkje i tobakkselskap eller til dømes selskap som driv med barnearbeid. Oljefondet har etiske retningslinjer, og Noregs Bank har eit eige etikkråd som gjer slike vurderingar, svarer han.

Vetle Wang Soleim (H) er stortingsrepresentant og sit i finanskomiteen. Foto: Stortinget

– Dei etiske retningslinjene seier likevel ingenting om å ha aksjar i oljeselskap, legg han til.

– Men dette kan endra seg i framtida?

– Ein kan stadfesta retningslinjer som seier noko om eigarskap til bestemte sektorar, men Oljefondet freistar alltid å påverka selskap til å bli betre før dei eventuelt sel seg ut.

Aksjonærar kan ha innverknad på verksemdene dei er deleigarar i, gjennom såkalla aktivt eigarskap. Dette gjeld òg Oljefondet, forklarer Soleim.

– Dei har fått ei rekkje selskap til å byrja å føra klimarekneskap, til dømes. Men går det for langt – om fondet ikkje kjem nokon veg med sine tilrådingar, og selskapet driv på med ting som Oljefondet ikkje kan finna seg i, då sel dei seg ut, seier Soleim.

Les også: Oljefondet har passert 8000 milliardar

Noregs Bank bekymra

Oljefondet investerer framleis i oljeselskap, men Noregs Bank er uroa. Det er ikkje berre det at oljemarknaden svingar – det gjer alle marknader, ifylgje analytikar Saltvedt.

– Poenget med åtgjerda til Noregs Bank var eit stort og varig fall i oljeprisen som me såg i 2014. Det kan gi eit kraftig fall i verdiane i dei oljerelaterte investeringene som fondet har gjort, seier ho.

Noregs Bank tek ikkje side i dei politiske spørsmåla kring forvaltninga av Oljefondet, men dei har nyleg tilsett ein forskar til å fylgja med på klimarisikoen.

– Det i seg sjølv tyder på at dei er bekymra, ikkje berre for den reine marknadsrisikoen, men òg for risikoen knytta til klimaendringar, både dei fysiske og dei som kan oppstå ved overgangen til eit lavkarbonsamfunn, forklarer Saltvedt.

Les også: Jublar over at Oljefondet vil ut av olje

– Mange av investorane tenkjer kortsiktig

– Om Paris-avtalen blir oppfylt, så tapar oljenæringa. Kvifor har investorane då framleis tillit til olje- og gasselskap?

– Olje- og gasselskapa treng ikkje å tapa på Paris-avtalen, om dei berre legg om verksemda tidlig nok – nokre vil til dømes satsa meir på fornybar energi. Dei som har ein langsiktig plan for å tilpassa seg, kjem det til å gå bra med, svarer ho.

Ho peikar på at Equinor og andre oljeselskap no endrar på strategien sin.

– Grunnen til at sjølve oljesektoren framleis får tillit, er at mange av investorane tenkjer kortsiktig. På kort sikt kan ein nok tena pengar på investeringer i oljesektoren no som oljeprisen har auka kraftig. Men på lang sikt er mange investorar no mykje meir skeptiske til olje, seier Saltvedt.

Les også: Senter-ungdommen vil ha olje-stopp

 

Oppdatert: onsdag 25. juli 2018 09.38

Kommentarar

ANNONSE