Oljefondet tomt i 2043 med dagens tempo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oljefondet tomt i 2043

Oljefondet vil vere tomt for pengar om 27 år dersom auken i oljepengebruken fortset med dagens tempo, viser berekningar som Klassekampen har fått utført.

Det er avtroppande sjeføkonom i DNB Markets og påtroppande sjeføkonom i NHO Øystein Dørum som har gjort reknestykket for Klassekampen. Spørsmålet var opphavleg stilt frå Arbeidarpartiet til Finansdepartementet i samband med budsjettarbeidet på Stortinget, men Siv Jensen (Frp) nektar å svare.

– Det gir lite meining å lage slike berekningar, heiter det i grunngjevinga frå finansministeren som er gjeve att i avisa. Aps finanspolitiske talsperson Marianne Martinsen meiner at Jensen prøver å vri seg unna noko ubehageleg.

– Å svare at eit slikt reknestykke ikkje gir meining, er ei innrømming av at oljepengebruken er heilt ute av kurs, seier ho til avisa.

Dørum strekar under at reknestykket er teoretisk:

«Det synest lite realistisk at framtidige regjeringar vil styre statsfinansane blindt mot avgrunnen, slik utrekningane viser», seier han. Men det betyr ikkje at rekneøvinga er utan verdi. Dørum har nemleg også gjort alternative berekningar der innfasingstempoet er redusert til det halve av kva det har vore i åra 2014– 2017 og med ei realavkastning på 4 prosent. Sjølv med slike føresetnader vil fondet tømmast på sikt.

«Dette illustrerer at budsjettpolitikken må strammast betydeleg til om fondskapitalen skal bevarast for komande generasjonar», strekar sjeføkonomen under. (©NPK)