Oljefondet har passert 8.000 milliardar
Oljefondets marknadsverdi har passert 8.000 milliardar kroner. Avkastinga i andre kvartal var på 2,6 prosent, noko som svarar til 202 milliardar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I andre kvartal auka marknadsverdien til Statens pensjonsfond utland med 153 milliardar kroner til 8.020 milliardar kroner per 30. juni, viser kvartalstala som Noregs Bank Investment Management (NBIM) la fram tysdag.
– Det beste halvårsresultatet målt i kroner i historia til fondet, konkluderer nestleiar i NBIM Trond Grande.
– Særleg aksjemarknadane har levert svært godt hittil i år, og avkastinga har vore på 6,5 prosent i dei to første kvartala i år. Det svarar til ei avkasting på 499 milliardar kroner, seier han.
LES OGSÅ: -Oljefondet tomt i 2043
I andre kvartal vart det tatt ut 16 milliardar kroner av fondet. Samtidig styrkte kronekursen seg. Dette bidrog til å redusere verdien av fondet med 32 milliardar kroner.
Kvartalstala viser at 65,1 prosent av fondet er investert i aksjar, 32,4 prosent i rentepapir og 2,5 prosent i unotert eigedom.