Jublar over at Oljefondet vil ut av olje

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.07.2018 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Bank sendte torsdag eit brev der dei tilrår at Oljefondet ikkje skal eiga olje- og gassaksjar. Noregs Bank meiner dette vil gjera formuen til staten mindre sårbar for eit varig fall i oljeprisane.

Oljefondet blir styrt av Noregs Bank, og eig i dag aksjar i olje- og gasselskap for over 300 milliardar kroner.

Grøn Ungdom: – Regjeringa kan ikkje lukka augo

– Regjeringa kan ikkje lenger lukke ago for klimarisikoen som truar norsk økonomi, så lenge han er tvangsgifta med oljenæringa. Oljeanalytikarar, næringsliv og no sentralbanken ropar varsku om klimarisikoen, seier Ola Eian, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom til Framtida.no.

Han meiner regjeringa bør trekka oljefondet ut av olje og gass med ein gong, og heller satsar fornybart.

ZERO: – Risikabelt

Miljøstiftinga ZERO har lenge tatt til orde for at Oljefondet bør trekkja seg ut av olje- og gassaksjar.

– Verda er i rask endring, og det er svært risikabelt å leggja for mange egg i same korg. Når verda går bort frå olje, bør Noreg gjera det me kan for å redusera vår eksponering mot oljeprisen, seier Marius Holm, leiar i ZERO.

Han forventar no at regjeringa let Oljefondet trekkja seg ut av olje.

Fakta: Oljefondet

Oljefondet er tilnamnet på det som offisielt heiter Statens Pensjonsfond Utland.

Fondet er verdas største offentleg eigde investeringsfond, og er verdt kring 8300 milliardar kroner.