Angelica har fostra 26 kattar: – Givande å hjelpe eit levande vesen

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 23.07.2018 16:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar ikkje heilt korleis det starta. Eg skulle eigentleg ha hund. Men eg ville ikkje ha hund åleine på Grünerløkka. Så såg eg på dette med fosterheim, fortel Angelica Bjørnstad.

Sidan har ho vore fosterheim for både Dyrebeskyttelsen Norge og Foreningen for omplassering av dyr (FOD), og har fostra heile 26 kattar. Tre av dei har ho behalde sjølv.

– Skulle eigentleg ha hund

Belle var den første katten Angelica adopterte. I fjor haust døydde ho av sjukdom. Foto: Privat.

Noko av det ho hugsar best er Valdreskattane. Då vart eit stort kull med kattar henta ut frå ein gard. To av dei kom til Angelica.

Dei var fem veker gamle då ho fekk dei, og begge sleit med sjukdom. Ein av dei, Bianca, levde berre i ei veke etter å ha blitt plassert hjå henne.

– Den andre, Belle, var den første katten eg falt skikkeleg for. For å behalde Belle, måtte eg ta inn fleire kattar, så eg tok inn tre til.

Dei tre nye kattane var vanskelege, og klorte ein del, kan Angelica fortelje. Ho greidde å få vendt om ein av dei, og i dag blir den brukt for å temme andre vanskelege kattar.

Les òg: Katten ryddar fjora fri for plast

Ni kattar og fulltidsjobb

Seinare fostra ho ei kattemor, som fødde ungane sine heime hjå Angelica.

Her blir ein av fosterkattane mata med sprøyte. Denne var forlaten ute i minusgrader, og døydde ikkje lenge etterpå. Foto: Privat.

– Belle vart veldig knytta til ein av dei, så henne tok eg vare på. Ho er to år gammal no, seier ho.  

Ifjor toppa det seg for Angelica. Då hadde ho heile ni kattar på ein gong. I tillegg til sine to adopterte kattar, Belle og Bianca, fostra ho ei mor med tre kattungar.

– Og så var det ei krise i FOD, der nokon hadde forlate tre kattungar i ein sekk midt på vinteren. Sidan min katt hadde ungar, forsøkte me å ta dei inn, og la henne die ungane.

Men katten ville ikkje die dei framande kattungane, og Angelica måtte forsøke å mate dei med sprøyter.

– Eg jobba fulltid, og ungane måtte matast annakvar time. Så dei vart sendt vidare. Eg fekk vite at ein vart avliva fordi den var sjuk etter å ha blitt forlaten, fortel ho.

Les òg: – Kattar har for låg status

– Givande å hjelpe eit levande vesen

Angelica og kattungen Gull (3mnd). Foto: Privat

Ifjor haust døydde Belle grunna sjukdommar ho endå sleit med etter gården ho vart funnen på. Seinare har Angelica adoptert Gull, som no er kring tre månader gamal.

– Me som er fosterheim, eller dei som jobbar med desse kattane, med omplassering eller som veterinærar, ser resultata av at folk forlet kattane sine. 

Men Angelica ser òg resultata av at dei forlatne kattane får hjelp, og er tydeleg på ein ting:

– Det er givande å hjelpe eit anna levande vesen.

Ikkje alle kattane som treng fosterheim har blitt forlatne. Det har Angelica snart eit levande eksempel på.

– Neste veke får eg Rusten. Han er ti år gamal og treng ny heim fordi eigaren døydde, og sonen ikkje hadde moglegheit til å ta vare på katten. Alternativet var å avlive katten, fortel ho.

Les òg: La høna sjå sola

Tid og tolmod

Adoptivkatten Bianca er omlag 2,5 år gamal. Foto: Privat

Det krev ein del å vere fosterheim. Sjølv om organisasjonen ein får fosterkatt gjennom dekkjer utgifter til mat, veterinær og utstyr, er Angelica tydeleg på at ein må ha tid og vere tolmodig.

– Det kan ta tid før kattane blir trygge, både med deg og med heimen, seier ho.

Ho forklarar at når ho skal få ein katt til å føle seg trygg, er ho bevisst på stemmebruk og kroppsspråk.

– Når eg har fått inn utrygge kattar har eg lagt meg ned på golvet, slik at katten ser ned på meg, og så snakkar eg roleg til den.

Les òg: Quiz: Kor godt kjenner du katten?

Sikrar nye, trygge heimar

Angelica meiner at å vere fosterheim er eit godt alternativ for dei som har vanskeleg for å knytte seg til dyr, men som ønskjer å gjere noko for å hjelpe.

– Det er slik eg bidreg til noko bra, fortel ho.

Når tida kjem for at kattane skal vidare, er Angelica sikker på at dyra hamnar i gode hender.

– Det er tryggande at når dei skal få nye heimar, så må dei som er interesserte gå igjennom prossessar med intervju, for å sikre at dyra får ein god heim.