La høna sjå sola

Hanna Lunde, Dyrevernalliansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi samlar borna og malar egg i vene pastellfargar. Påska nærmar seg, og for dei fleste vert assosiasjonen vekt om nettopp egg. Påskeegg fylt med smågodt, egg til frukost, egg som heng dekorativt frå greiner med knoppar på. Påska er høgsesong for eggprodusentane. Men den eigenlege produsenten, verpehøna, vert ofte gløymd bort.

Ho som vart klekt ut i ei rugemaskin, berre for å levera egg til deg og meg.

Hanna Lunde er kommunikasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen. Foto: Ihne Pedersen

Der hønemor i naturen ville breie vengene sine over den vesle kyllingen når ho entrar verda, får ho i det moderne maskineriet ingen omsut eller opplæring av mora. Ingen fortel ho kvar ho kan finna mat, gøyma seg når ein fare trugar, eller når det er på tide å kvila.

Livet utan ein god barndom kjem ikkje utan konsekvensar; norske industrihøner har svekte sosiale evner. Det aukar igjen risikoen for aggressive situasjonar, spesielt i eit stressande miljø. Som ein følgje byrjar nokon med skadeleg åtferd, som fjørhakking og kannibalisme.

Høna verp i halvanna år. Då er ho utsliten, og byrjar å produsera dårlegare. For hundre år sidan produserte ei høne to kilo egg i året; i dag produserer ho 20 kilo egg. Produksjonspresset har vorte vanskeleg å halda ut, og hønene får alvorlege lidingar som følgje av dette. Beinskjørheit er eit vanleg problem fordi den unaturleg høge eggproduksjonen tappar kalkreservane i kroppen hennar. Eggleiarbetennelse og leverproblem er òg vanlege lidingar.

Så kva kan vi gjera? Det er lett å føla seg makteslaus i møte med rekkja av problemstillingar som denne storstilte industrien bringar. Men det er faktisk ein stad ein kan starta, som ikkje er så altfor uoverkommeleg for dei fleste av oss. Økologiske høner har betre plass, får gå fritt, får grovfôr, dagslys og eit meir stimulerande levemiljø. I motsetnad til burhøner, har økologiske og vanlege frittgående høner større sosial fridom og høve til å utføra normal rørsle og fødesøk. Alt dette er viktig for trivselen, og har enorm tyding for livskvaliteten til den tapre verpehøna.

Dyrevernsalliansen oppfordrar til å bruka nokre kroner ekstra og kjøpa økologiske egg neste gong du er i butikken. Då kan du vera sikker på at høna som har produsert dei har fått utforska bakken, fått frisk luft – og sett sola!

Så mykje skuldar vi ho.

God påske!