– Kattar har for låg status

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Bergen Hordaland overtok ein gamal og falleferdig skule på Tertnes frå kommunen i 2012, har dei først no kunna ta i bruk huset til å stove heimlause kattar. Underetasjen husar ein dyreklinikk som opererer dei mange påkøyrde dyra, dersom det trengs.

– Endeleg har vi eit hus til dyra. No husar vi 40 kattar her, og har nærmare 60 kattar og andre dyr i fosterheim. Vi ser eit stort behov for dette arbeidet, det er rett og slett ein døgnjobb. Og folk forventar at vi kan kome umiddelbart for å hente dyr, seier Graff.

Dyrebeskyttelsen
I dette rommet bur 40 kattar, alle med kvar sin historie. Nokre har blitt påkøyrd, andre forlatne. – Det er vanskeleg å kome seg ut av dette når ein først er inne, fortel leiar Inger Johanne Graff (til høgre).

– 90 prosent av dyr i naud, er kattar
Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Bergen Hordaland dekker heile fylket, og må reise til både Dale og Husnes for å hente heimlause og skada kattar. På huset er dei 17 frivillige, og ein deltidsstilling for administrativt arbeid.

– Ofte kjem det ein telefon midt på natta om påkøyrde eller heimlause dyr. Men det er ikkje noko å diskutere når dyr er i naud, seier Graff.

Organisasjonen mottar 450 000 kroner av Bergen kommune for drifta, og 23 000 kroner årleg til dyra. Men utgiftene til sand, medisin, mat og veterinærrekningar er store.

– Altfor mange lar vere å kastrere kattane sine, som skapar ein ond sirkel med fleire heimlause kattar. Det gjer dette arbeidet dyrt.

– Kvifor er det så ofte at kattar er utsett, i forhold til andre dyr?

– Fordi kattar har ein altfor låg status. Folk kan skaffe dei gratis på Finn, og unnlat å bruke pengar på kastrering. Når dei skal på ferie, leverer dei han til Dyrebeskyttelsen eller på gata, for dei kan jo berre hente ein ny på Finn etterpå. Men vi får inn kanin, hamster, hund og marsvin også, fortel Graff.

Charlotte-Graff-2
– Det er full pedal på dyr i naud heile året, seier Charlotte Graff. Berre på fire dagar har dei rykt ut sju gongar, og gjerne så langt som tre timer unna Bergen.

Få også med deg denne søte historia: Hunden Fibi ammar katten Gerd

– Treng ei lovendring
Dyrebeskyttelsen meiner det er naudsynt med ei lovendring.

– Det bør vere lovpålagt å kastrere katten sin. Vi får mellom 25 og 30 epostar kvar dag om fosterheim eller om dyr i naud. Berre desse fire siste dagane har vi rykt ut sju gongar for å redde kattar frå gata.

Sjølv måtte Graff slutte i jobben for å få tid til dyra på heiltid.

– Problemet er at kattane kan få utruleg mange kull i året. Men vi ser ikkje på avliving av friske dyr som noko alternativ, fortel Graff.

Når dei legg ut historia til eit dyr på Facebook, er det mange som melder seg for å ta imot katten. Dette meiner Graff  er bra, men ho trur folk ofte reagerer på impuls, og ikkje alltid fordi dei har tenkt gjennom ansvaret det er å ha ein katt.

– Viss 14-15 personar skriv på Facebook at dei er interesserte, ser vi fort at berre ein av dei er seriøse. Vi har derfor relativt strenge krav for å adoptere vekk dyra.

Mona-1
– Eg er her to dagar i veka, etter at eg først var fosterheim for ein katt, fortel Mona Svanberg (25).

Denne har du garantert ikkje lyst til å lesa: Så mange søte dyr drep kattar

Etterlyser meir
I «katterommet» leiker og gøymer 40 kattar seg, alle i ulike fargar og storleikar. Dei kjem fort for å helse på så snart ein ny person kjem inn døra.

– Det er ikkje lett å kome seg ut av dette når du først har begynt, seier leiar av Dyrebeskyttelsen Hordaland, Inger Johanne Graff, og koser med «Flesland», som blei funne påkøyrd ved Flesland flyplass.

– Vi kjempa i mange år for å ha ein plass å ha dei. Og no opplever vi at folk ser oss meir og meir, og verdien i det vi gjer, seier ho.

Nokre av kattane manglar ein hale, men stort sett ser dei alle friske og raske ut.

– Snart får vi ein uteplass der dei kan bevege seg meir, seier ho, før dyrlegen kjem på visitt.

Dyrebeskyttelsen jobbar nært både med politiet og med Mattilsynet.

– Men kanskje burde det også funnest eit dyrepoliti som kunne gjort meir for å forhindre vald mot dyr. Vi merkar at Mattilsynet ikkje rekk over alt dei skal, seier Charlotte Graff.

Katterepresentant
Bystyremedlem for Miljøpartiet Dei Grøne i Bergen, Sondre Båtstrand, meiner kommunane må støtte opp om dyrevernsorganisasjonane som omplasserer heimlause dyr. 

– Bergen kommune har blitt betre dei siste åra, men framleis utgjer dyrevernsbudsjettet berre ein halv million – når behovet er enormt mykje større. 

Han har føreslege ein kampanje for sterilisering/kastrering av kattar, men forslaget blei nedstemt.

Båtstrand trur også at obligatorisk ID-merking kunne vore til hjelp, ettersom det då blir enklare å finna att bortkomne kattar, samstundes med at katteeigarane blir gjort ansvarlege. 

– Eg trur færre kattar er eit viktig tiltak. Det vil gjere at fleire får ein heim, og at statusen deira vil bli høgare. 

Kattungar-1
To av dei mange kattungane som har fått ein trygg heim hos Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Bergen Hordaland.

…men sjølv om kattungar er søte: Ikkje gi dyr i julegåve, seier dyrevernalliansen