Ytringsfridomen er ikkje problemet, men ein del av løysinga, skriv Isak Slettebø.
Isak Slettebø
Isak Slettebø

Ytringsfridom skal det vere, heiter det i Grunnlova. Det finst sjølvsagt visse avgrensingar, som til dømes forbod mot trugsmål, trakassering og diskriminerande utsegner, men elles har me rett til å ytra oss frimodig om kva som helst – også om det sårar og fornærmar andre. Retten til å krenkja er ukrenkjeleg.

Noko av det vanskelegaste med ytringsfridomen gjeld dei ytringane som ikkje er lovstridige, men som kan vera kontroversielle og av og til usmakelege. Me kan ikkje arrestera dei som spreier konspirasjonsteoriar om islam, jødedomen eller Arbeidarpartiet. Dei er i sin fulle rett til å spy ut så mykje vås dei berre orkar, så lenge dei held seg innafor dei rammene lova gir.

Noko av det vanskelegaste med ytringsfridomen gjeld dei ytringane som ikkje er lovstridige, men som kan vera kontroversielle og av og til usmakelege.

Forbyr holocaust-fornekting

Slik er det ikkje over alt i verda. Ei lang rekkje EU-land har lover som eksplisitt forbyr holocaust-fornekting, for å hindra spreiing av vrangførestellingar om folkemordet, og for å beskytta ofra mot krenkjing. Overtramp blir straffa med alt frå bøter til fleire år i fengsel. Kritikarane hevdar at dette er feil veg å gå, sidan ein hindrar ytringsfridomen og ikkje går til rota av problemet, som er fordomar og kunnskapshol.

Alexander Gauland, grunnleggaren av AfD, har tatt til orde for å vera stolte over tyske soldatar under verdskrigane. Foto: Olaf Kosinsky, CC BY-SA 3.0-lisens

Forbodet verkar dessutan heller dårleg: Dei få som blir arresterte for holocaust-fornekting, får sympati og presseomtale. Ein ser òg at antisemittiske og andre ekstreme haldningar ikkje forsvinn så enkelt, og forbodet blir derfor ikkje praktisert veldig nøye.

Seinast i fjor presterte ein politikar frå det tyske høgrepopulistiske partiet AfD å seia at tyskarar bør vera stolte av sine soldatar i båe verdskrigar, slik franskmennene er stolte av Napoleon og britane av Churchill. Han har rett i at Frankrike og Storbritannia òg har hatt brutale leiarar, men for den som kjenner til kva tyske soldatar dreiv på med på austfronten under den andre verdskrigen, kan dette minna om ei bagatellisering eller til og med ei glorifisering av holocaust. Partiet hans gjorde eit brakval, og mannen sit no i den tyske forbundsdagen. Tyskland har gjort mykje for å bøta på sine herjingar under krigen, men det finst grums sjølv der.

Sylvi Listhaug måtte gå som justisminister etter det ho skreiv på Facebook-veggen sin. Foto: Facebook og Frp med CC-lisens.

Noreg har òg kontroversielle politikarar, og rett før påske måtte Sylvi Listhaug gå av som justisminister for å ha lagt ut ei sjofel Facebook-melding om Arbeidarpartiet. Ho meinte dei set terroristane sine rettar over Noregs tryggleik. I seg sjølv var ikkje utspelet nok til å fella henne, men då ein såg det i samanheng med 22. juli og konspirasjonsteoriane som låg bak, blei det for mykje for Stortinget. Listhaug hevdar sjølv at ho ikkje tenkte på terroråtaket i det heile. Dei tolka henne ikkje i beste meining, men heile innlegget hennar var ei stor mistenkeleggjering.

Utfrysing?

Ein må venta eit visst nivå av statsrådar, men på internett ser me ytringar som er langt verre. Nettstaden resett.no har til dømes gitt spalteplass til nokre svært kontroversielle røyster, mellom anna ei som har uttrykt støtte til mannen bak 22. juli-åtaket. Skal redaktøren for Resett, Helge Lurås, då ikkje få delta i det siviliserte ordskiftet, fordi han reinvaskar dei med slike haldningar?

Fleire kjende debattantar og intellektuelle synest å meine det. Folk som fer med konspirasjonsteoriar, skal altså ikkje setjast i fengsel, men frysast ut frå den offentlege debatten. Me skal ha respekt for at nyhenderedaksjonane her må balansera mellom 1) å ha eit ope sinn for alle slags røyster, og 2) å stilla krav til kvalitet frå debattantane dei gir ordet. Men å oversjå av prinsipp dei med usmakelege standpunkt, eller dei som slepp dei til i andre medium, er ei dårleg oppskrift på å laga eit sunnare debattklima i Noreg.

Sjølvsagt kan det henda ekstremistane vinn nokre fleire tilhengjarar når dei får ytra seg i store og respekterte medium som Aftenposten og NRK. Men om dei har noko på hjartet som er interessant, må redaksjonane handsama dei likt med alle andre.

å oversjå av prinsipp dei med usmakelege standpunkt, eller dei som slepp dei til i andre medium, er ei dårleg oppskrift på å laga eit sunnare debattklima i Noreg.

Islamofobi og antisemittisme

Forsking frå Holocaust-senteret syner at framandfrykt enno er svært utbreidd i Noreg. Det er særleg islamofobi i den generelle befolkninga og antisemittisme i den muslimske befolkninga, som gir grunn til uro, og cirka ti prosent av norske jødar og muslimar er blitt utsette for direkte trakassering. Korleis skal me bli kvitt desse fordommane? Me må fyrst og fremst formidla desse tala i alle kanalar.

Ei god byrjing for kvar og ein av oss kan samtidig vera å alltid lytta til motparten, alltid tolka han i beste meining, og ordleggja seg forsiktig om ein kan, men freidig om ein må. Ytringsfridomen er ikkje problemet, men ein del av løysinga.

 

Har du noko på hjartet? Vil du skriva ein kronikk eller eit debattinnlegg på Framtida.no? Send til *Protected email*!

Oppdatert: tysdag 24. april 2018 19.23

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE