Kva var det med jødeparagrafen?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 26.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har visst mykje om den 33 år gamle Henrik Wergelands kamp for å bli kvitt paragrafen, men lite om far hans, den 33 år gamle Nicolai Wergelands kamp for å innføre den ein generasjon tidlegare.

Idèhistorikar Håkon Harket har dukka ned i Eidsvoll-fedrenes urørte papir for å finne ut kva i alle dagar dei tenkte på.

Jødeparagrafen
Fram til 1851 var den antisemittiske paragraf 2 ein del av den norske Grunnlova. Paragrafen nekta jødar adgang til riket, og har vorte rekna som ein skamplett i ei grunnlov som elles var moderne for si tid. Den laud:

«Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende seg til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme. Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.»

– I ettertid har det festa seg eit inntrykk av paragrafen kom til mest som ei arbeidsulukke i ei elles liberal grunnlov, seier Harket.

Tidspress, intoleranse i den gamle norske lova, fordommar i det norske bondesamfunnet og behov for nasjonalreligiøs eining på dette avgjerande tidspunktet i landets historie, er delar av forklaringa.

– Men det var ikkje difor religionsfridomsparagrafen vart ein jødeparagraf, seier idehistorikaren.

Gjekk paragrafen etter i saumane
Harket har spora jødegrafen til Konstitusjonskomiteen, som hadde ansvar for å lage eit endeleg utkast til Grunnlova. Dei femten medlemmane i komiteen såg på seg sjølve som «gjennomtrengte av liberale idear og eit borgarsinn som med sikkerheit ville føre til ein konstitusjon gjennomsyra av fridom». Komiteen laga då også eit forslag der kjerna er fri religionsøving for alle religionar.

Unnateke jødane, då.

– Paragrafen kjem ikkje frå folket, slik det har vore vanleg å tru. Den kom frå dei intellektuelle, som Christian Magnus Falsen, Nicolai Wergeland og Georg Sverdrup. Desse var inspirerte av dei store tenkjarane i Europa, som Voltaire, fortel Harket.

Voltaire var ein moderne mann på mange felt, men når det kom til dei «barbariske og hatefulle» jødane felte han harde dommar.

Harket har undersøkt materiale frå Eidsvoll, mellom anna eit tidlegare ulese 100-siders handskrive dokument av Falsen om Moses og hebrearane.

Der finn han at argumenta Falsen, Wergeland og Sverdrup nyttar mot jødane, ikkje er eineståande for grunnlovsfedrane.

 Typiske argument er at jødane dannar sin eigen stat i staten, at dei ikkje er lojale og at dei samansvergar om verdsherredøme, seier Harket, som har samanfatta alt som vart sagt om jødane på Eidsvoll i 10 punkt, deriblant:

► Ein sann jøde kan aldri vere ein god borgar (Wergeland)

► Jødane har vist seg å vere skadelege for ein kvar stat som har akseptert dei (fleire)

► Landet vil bli oversvømt med utskotet av denne sjakrande (sjakre: drive småhandel/lure) nasjon, som ikkje kjenner seg bunden av landets religion og statsformar (Grøgaard)

LES OGSÅ: – Grunnlova er ei gullgruve for språkopplæringa!

Går mot trenden i Europa
Jødeparagrafen bryt ikkje berre med den liberale haldninga elles i Grunnlova. Den tek også eit steg i motsett retning av tendensen elles i Europa på denne tida.

– Fram til slutten av napoleonskrigane i 1815, gjekk utviklinga stort sett jødanes veg.  I Danmark fekk jødane sitt fridomsbrev i 1814. Her heime vart paragrafen vidløftig diskutert frå ulike sider. Det overraskande er at Eidsvoll-mennene tok meir radikal stilling til jødespørsmålet enn ein kunne vente av dei. Dei set Noreg i ei særstilling, både med si liberale Grunnlov og med sitt jødehat, seier Harket.

 Argumentet som vann fram var politisk, og ikkje religiøst. Det handla om å stengje ute jødane for å beskytte fridommen og sikre likskapen. Ein trudde ikkje at jødane, Guds utvalde folk, ville underordne seg dette. Det var ein politisk antisemittisme, forklarar han.

På Eidsvoll i 1814, sa Lauritz Weidemann det slik:

«Den jødiske nasjons historie godtgjør at dette folk alltid har vært opprørsk og bedragersk. Deres religionslære, håpet om igjen å oppstå som egen nasjon, har forledet dem tilintriget og til å danne stat i stat. Derfor fordrer landets sikkerhet en absolutt unntagelse.»

Fjerna i 1851
Nicolai Wergeland var ein ivrig forkjempar for jødeparagrafen i 1814. Sonen hans, Henrik Wergeland, var ein like ivrig motstandar ein generasjon seinare. Henrik overtydde då også sin far på eit tidspunkt.

 Det er interessant at Henrik Wergeland argumenterte for å fjerne paragrafen ved å spele på fordommane mot jødane. Han hevda at landet ikkje kunne risikere å få jødane mot seg, og meinte ein måtte tenkje på å få ta del i gullet til jødane. I kva grad argumenta var strategiske eller er uttrykk for det Wergeland verkeleg meinte, er ikkje lett å seie, seier Harket.

LES OGSÅ: 17-åringen som blei grunnlovsfar

Nokre av funna i Paragrafen – 1814:

► Paragrafen var ikkje noko uhell. Den vart rekna som ein del av fundamentet for Noregs frie grunnlov.

► Korkje bønder eller handelsstand spela noko rolle i å innføre paragrafen.

► Paragrafen var ikkje ei vidareføring av den gamle lova, men eit pålegg om å skjerpe den.

► Den kom heller ikkje frå den evangelisk-lutherske kyrkjas monopol som offentleg religion.

► Komiteens grunngjeving for paragrafen var politisk og sekulær, ikkje religiøs.

► Forbodet handla ikkje bere om truande jødar, men stengte ute eit heilt folk.

► Historia var fasit. Det vart etablert ei felles førestilling om hebrearane i Egypt, israelittane i Kanaan, jødane i Palestina og den polske og spanske mellomalder. Til saman gjorde dette jødane til spedalske gjester i det menneskelege fellesskap av verdsborgarar.

 ► Å innføre paragrafen var å ta eit radikalt standpunkt i ein debatt riksforsamlingas medlemmar kjende godt til.

► Til grunn for avgjersla låg antisemittisk tankegods, som at jødane ikkje er frie moralske individ, men bitre av hat, grådige, slu, omsynslause, og dyktige handelsfolk med mål om verdsherredøme. Samstundes vert dei sett på som kunnskapslause, late, kulturelt tilbakeståande, og som ein horde av fattige som kan oversvømme landet.

► Voiltare inspirerte både til kamp for toleranse og til hatet mot jødane. Kjeldene til det verste i paragraf 2, er langt på veg dei same som kjeldene til det beste i Grunnlova.