Er historia så svart-kvit?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kinoaktuelle Den 12. mann føyer seg i rekkja av andre-verdskrig-filmar der tyske soldatar framstår kalde, aggressive og med ei spesiell lyst til å drepe. «No har det blitt personleg for han» seier ein i Den 12. mann om politioffiser Kurst Stage som jaktar på sabotøren Jan Baalsrud. Tyskarane har drepe dei elleve andre sabotørane, no får dei ikkje tak i den tolvte. Då blir det personleg.

Vi får inga anna forklaring på kvifor Kurt Stage er så ondskapsfull. Han berre er slik. Dei andre tyskarane er anten like onde, eller så berre gjer dei som dei får beskjed om.

Tyske soldatar er nesten alltid middelaldrande i krigsfilmar, sjølv om det er meir sannsynleg at dei var unge menn som ikkje hadde noko val.

Eg kan ikkje la vere å tenke at det er heilt bevisst frå filmskaparane si side at tyskarane blir spela av middelaldrande menn, mens sabotørane hovudsakeleg består av yngre skodespelarar. Hadde tyskarane vorte framstilt som unge, kunne vi jo risikert å tillegge dei uskuld.

Ond eller god

Eg vil på ingen måte glorifisere nazisme eller ta bort alvoret frå forferdelege ting som hende under krigen. Samtidig er det viktig å minne om at det første landet Hitler okkuperte, var Tyskland.

Noreg har heller ikkje berre rosenraude historier, med tvangssterelisering av minoritetar, nazisympatisørar og deportering av jøder. Vi er glade i historier om norske krigsheltar og motstandsmenn, men vil nødig sjå nyansane når det gjeld den tyske motsatsen.

Eg har ein venn som er etterkommar etter ein tysk soldat og ei såkalla «tyskartøs». Kvar gong hen ser filmar om andre verdskrigen, lurer hen på om oldefaren var så ond som dei er i filmane. Hen veit ingenting om oldefaren eller om forholdet mellom han og oldemora. Spørsmålet om han var «vond» eller «god», står ubesvart.

Det hen derimot veit, er at då okkupasjonen tok slutt, var det nordmenn som var grusomme. Dei skamklipte oldemora og dreiv henne ut av bygda. Det som hende med desse kvinnene har den norske stat aldri beklaga.

Frå filmen Den 12. mann.

Frå filmen Den 12. mann.

Demonisert bilde

Det er fleire problematiske sider ved det å framstille tyske soldatar utelukkande som skurkar og kaldblodige mordarar. For det første lever dagens generasjonar tyskarar stadig med nazi-stempelet hengande over seg. For det andre frigjer det stereotypiske bildet rom for kritikk og hets mot kvinnene som hadde forhold til tyskarane.

Enkelt forklart: Jo meir demoniserte tyskarane blir i historieforteljinga, jo meir blir kvinnene sett på som landssvikarar. For sjølv om vi ser litt meir nyansert på saka i dag enn for 70 år sidan, så eksisterer det framleis forakt mot desse kvinnene.

Samarbeid med tyskarane

Sjølvsagt fanst det slemme tyskarar og vonde nazistar. Men kor lenge skal vi skjere alle over ein kam?

I løpet av dei fem åra Noreg var okkupert, gjekk det føre seg utbreidd samarbeid mellom nordmenn og okkupasjonsmakta. Og sjølv om okkupantane var den mektige parten i samarbeidet, kan ein ikkje seie at alt vart gjort ved tvang.

På mange av småstadane i Nord-Noreg var det fleire soldatar enn fastbuande, og «alle» hadde soldatar heime hos seg i korte eller lengre periodar. Ein del kvinner jobba for tyskarane, og kom såleis i kontakt med dei. Det er altså ikkje unaturleg at både kjærleiksforhold og vennskap utvikla seg mellom nordmenn og tyskarar.

Tør nokon å lage film om det? Blir det nokon gong akseptert å fortelje ei positiv historie om dei tyske okkupantane? Ligg det ei frykt for å vanære dei overlevande krigsheltane til grunn? Tida er vel komen for å fortelje meir enn berre svart-kvitt-historier.

Glansbilde

I 2008 sa professor i historie, Tore Pryser, at historieforteljarane skapa eit glansbilde av motstandsrørsla og at norsk krigshistorie er unyansert. Bakgrunnen var nasjonsbygginga som følgde krigens slutt. Dermed står delar av okkupasjonshistoria att som usikker.

Harald Zwart, regissøren bak Den 12. mann hevdar at filmen er basert på ei sann historie, fortald etter Jan Baalsrud sjølv. Historikarar motstridar dette, og seier at tyskarane aldri jakta på Baalsrud – sjølv om han kanskje trudde at dei gjorde det.

Det viser at vi framleis ikkje klarer å fortelje historier frå andre verdskrigen med ei tydeleg røyst.

Og ikkje gløym at mens stadig fleire krigsfilmar kjem på kino, fins det tallause etterkommarar etter tyske soldatar i Noreg som lurer på om bestefaren, oldefaren eller tippoldefaren var like vond som nazistane i filmane.