Kvifor bytta vi ut «The Sims» med sosiale medium?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I år er det 14 år sidan «The Sims 2» kom ut, og eg er i det nostalgiske hjørnet. Eg er ikkje berre ein del av Harry Potter-generasjonen. Eg er ein del av Sims-generasjonen, òg!

The Sims var den beste bygde-medisinen

På bygda var begge delar essensielle i survival-kiten min. Om du har sett Få meg på for faen, så forstår du kanskje kvifor.

I dag er det om å gjere å ha ein TV som dekkjer halve veggen, men i 2004 var eg lukkeleg med ein liten PC-skjerm som dei to søstrene mine og eg pressa ansikta våre oppi samtidig.

Vi spela alltid i lag. Eg har spurt litt rundt og funne ut at det ikkje var like vanleg som eg trudde. Då ein av oss spelte, var det ei sjølvfølge at dei to andre skulle sjå på.

Og slik gjekk dagane, utan grining over lite likes på profilbileta våre.

Eg hoppa opp av senga for å spele

Eg gleda meg nesten meir til «The Sims 2» skulle komme ut enn eg gjorde til jul. Grafikken og spelet var magisk, og det var noko du kunne snakke med absolutt alle om. Bindelim av høg kvalitet, som fotball er for mange no i VM-tida.

Eg er eit B-menneske som synest det er tidleg å stå opp klokka 12 i helga. Men eg stod opp klokka seks for å spele Sims før skulen, og grein nesten av glede då kjæledyr-pakka til Sims 2 kom ut og eg kunne kjøpe meg ein hund.

Sjølv om eg er livredd for hundar i verkelegheita.

Så kvifor bytta eg eigentleg ut Sims med sosiale medium? Eg skulle gjerne gitt deg eit svar, men det har eg ikkje. Det finst ikkje dumme spørsmål, berre dumme svar…