Klima og miljø

«Stopp handelen frå Temu og Shein!»

Vel heller færre og gode produkt, handle lokalt og kjøp brukt, skriv Ingrid Lunde Hofseth (17).

Ingrid Lunde Hofseth (17)
Publisert

Dette innlegget var ein av finalistane i fjorårets talekonkurranse Ta ordet! Innlegget vart først publisert i Bergens Tidende, og er republisert med løyve frå forfattaren.

Fancy øyredobber – kul genser – smart duppedings. Det er lett å bli freista til å klikke seg inn på nettsidene til Temu og Shein.

Her kan du finne tallause mengder produkt med heilt sjokkerande låge prisar. Freistinga kan bli stor, men sjølv om varene berre kostar deg nokre få kroner, er dei langt frå billige.

Ved å handle frå desse selskapa kan du forvente å få elendig kvalitet. Det er kanskje ikkje så rart, når Shein lanserer inntil 9000 nye produkt kvar einaste dag. Undersøkingar frå Tek.no viser at Temu-produkta har låg kvalitet og dårleg haldbarheit.

I ei sak på NRK testa dei et par øyredobbar frå Temu. Dei inneheldt heile 26 prosent kadmium, eit stoff som er giftig og kreftframkallande.

Dette er 2600 gongar meir enn grenseverdien. Det er ille nok for deg som har tenkt å gå med øyredobbane, men kva med arbeidarane som lagar produkta?

Tenker du over kva det kostar for klimaet å drive med denne typen netthandel? Nettbutikkane Temu og Shein er begge frå Kina. Dagleg blir 100 fraktfly med varer sendt heim til deg og alle andre. Til over 150 land. Mange kjøper meir enn dei treng. Og dei fleste returnerte varer hamnar på søppelfyllingar.

I dokumentaren «Untold: Inside The Shein Machine» får vi sjå verkelegheita av fast fashion. Arbeidarar som jobbar i brannfarlege bygningar får betalt 40 øre pr. plagg – eller enda mindre, om dei gjer ein feil. Lange arbeidsdagar og lite eller inga fritid.

For vi drøymer jo alle om å jobbe 18 timar om dagen, sju dagar i veka, med berre ein fridag i månaden? Med låg løn og få pausar i et utrygt og helsefarleg arbeidsmiljø? Eller?

Vel, dette er korleis det er å jobbe for Temu og Shein.

Du tenker kanskje at å stoppe handelen frå Temu og Shein vil føre til enda lågare løn for desse arbeidarane. Men droppar vi å handle derifrå, viser vi at vi ikkje aksepterer vilkåra – og krev forandring.

Å handle på Temu og Shein er dyrt. Vil du kle deg i kreftframkallande klede? Og bidra til store CO₂-utslepp ved frakt og retur? Ønskjer du verkeleg å støtte selskap som produserer varer på denne måten?

Oppfordringa mi er å heller handle brukt. Bruktkjeda Kirppis forbyr varer frå Temu og Shein, og er eit godt val om du ønskjer produkt som er både billige og har betre kvalitet.

Eller om du ønskjer å handle brukt på nettet, er Finn.no og Tise gode alternativ. Så vel heller færre og gode produkt, handle lokalt og kjøp brukt. Stopp handelen frå Temu og Shein!

Du kan lesa svaret frå Temu i Bergens Tidende.