Forbrukarrådet kritisk til pop up-varsel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Facebook og Google manipulerer til å dele personleg informasjon

– Selskapa manipulerer brukarane til å dele informasjon om seg sjølve. Dette er respektlaust overfor eigne brukarar, og etter vår meining i strid med intensjonen i lova om at vi skal få kontroll over eigne personopplysningar, seier fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet.

Saman med fleire forbrukarorganisasjonar ber no rådet europeiske datatilsyn vurdere om praksisen til selskapa er i tråd med forordninga.

Les også: Messenger er verst på personvern. Bytt til desse to 

Manipulerer forbrukarane

Ein gjennomgang av personvernvarsla til selskapa viser ifølgje Forbrukarrådet at dei to nettgigantane manipulerer oss til å dele mest mogleg om oss sjølv gjennom utspekulert design, forvirrande løysingar og «alt eller ingenting-val».

SoMe

Facebook og Google manipulerer brukarane til å dele informasjon om seg sjølve, seier Forbrukarrådet. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Forbrukarrådets gjennomgang viser blant anna at deling av personopplysningar og målretta reklame blir framheva positivt gjennom tekst og design, ofte i kombinasjon med truslar om mindre funksjonalitet dersom ein seier nei.

Dei personvernvennlege vala inneber at brukaren må klikke fleire gonger, og valalternativa er ofte gøymde bort i tenestene. Dersom ein ikkje er einig, blir ein bedt om å slette kontoen.

Les også: Nye personvernreglar utløyser skred av e-postar

Tilslører mangel på valfridom

I fleire tilfelle blir det skjult at vi i liten grad har faktiske val, og at ein uansett aksepterer omfattande deling av data ved å nytte tenesta. Ei kjensle av at vi har kontroll, kan også få oss til å dele meir.

– Vi forventar at selskapa legg til rette for gode og opplyste val og lar brukarane få kontroll over eigne personopplysningar. Dessverre er det ikkje slik i dag. Det bryt både med forventningane til forbrukarane og intensjonen bak det nye regelverket, seier Myrstad.

Les også: Personvern: Her er alternativa til Facebook