Nye personvernreglar utløyser skred av e-postar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar blir den nye personvernforordninga til EU, GDPR, innført. Den stiller nye krav til korleis bedrifter og organisasjonar bruker opplysningane dei har om oss. I Noreg skjer endringane frå 1. juli, mens EU-landa innfører dei nye reglene allereie førstkommande fredag. Tysdag vedtok Stortinget å innlemme forordninga i EØS-avtalen og gjere dei nødvendige endringane i personopplysningslova.

– Alle som vil lagre og bruke opplysningar om oss, må innhente samtykke, og derfor får dei fleste av oss no ein haug med E-postar og varslar i appar og på nettsider, forklarer Marius Karlsen til NTB. Han er konseptutviklar i Polaris Media og har jobba med digitale medium og marknadsføring i ei årrekke.

Legg igjen informasjon

– Mange opplever nok å få e-post frå aktørar dei ikkje eingong visste eller hugsar at dei har eit forhold til, seier Karlsen og legg til at alle førespurnadane som kjem inn, kan vere ei anledning til å bli bevisst på kva ein gir frå seg.

– Overalt kor vi beveger oss på nettet og digitale plattformer legg vi igjen informasjon, blant anna om kven vi er, kor vi er, kva vi klikkar på og kva for nettsider vi ser på. I tillegg kjem alt det vi aktivt legg inn, som namn, adresse, e-post og telefonnummer.

Skal beskytte brukarane

Dei nye reglane er retta mot alle som samlar inn data om oss, og målet er å beskytte forbrukarane. Forordninga skal blant anna sikre at selskapa berre får tilgang på det dei treng å vite for å kunne gi deg den tenesta du ønskjer deg. Og sjølv det dei har lov til å lagre, må dei slette når kundeforholdet stoggar.

– Dei må også be om lov til å bruke det dei veit om deg til for eksempel å målrette reklamen du ser. Og det held ikkje å lage ein stor knapp der du kan trykkje «Ja til alt». Dei må be om samtykke for kvar måte dei ønsker å bruke opplysningane på, forklarer Karlsen. Og det hjelper ikkje om ein har brukt ein teneste i mange år; du må no aktivt gi ditt samtykke.

– Dersom styresmaktene kjem på inspeksjon, må aktørane kunne bevise at du har sagt ja.

Karlsen påpeiker også at nokre opplysningar er ekstra sensitive.

– Det kan vere ting som kjønn, legning og religiøs tru. Også vekt kan vere sensitivt, og derfor må treningsappen på telefonen eller klokka di be om lov til å lagre vekta din, seier han.

– Berre å sitte roleg

Dei nye reglene er strengare enn regelverket ein har i dag, men sjølv om det er mykje å ta omsyn til for dei som samlar inn opplysningar, seier Karlsen at det ikkje er spesielt komplisert for folk flest.

– For oss som brukarar er det eigentleg berre å sitte roleg i båten og vere observante når det gjeld kven vi godkjenner og kva slags data vi gir frå oss.

Kan hente ut informasjon

Han minner også om at kvar og ein av oss har moglegheit til å få tilsendt dei opplysningane ei bedrift har om oss.

– Her i Europa så er det ofte ikkje så veldig spennande. Det dukkar opp nokre historier innimellom frå USA der folk oppdagar at andre sit på ganske juicy detaljar om dei, men det kjem av at reguleringane av kva som kan samlast inn om folk ikkje er like strenge der. (©NPK)