Personvernskandalane i Facebook vil ingen ende ta.
mm

I dag melder NY Times at Facebook har delt brukardata med ei rekke kinesiske selskap. Blant dei 60 selskapa er Huawei, som USA reknar som ein sikkerheitstrussel, ifølgje avisa.

Partnarskapet skal avsluttast i løpet av veka, melder Facebook. Men avsløringa føyer seg inn i ei lang rekke skandalar dei siste månadane.

Mest oppsiktsvekkande var det at Trump-tilknytta Cambridge Analytica fekk tak i personopplysingar om 87 millionar uvitande brukarar gjennom det sosiale mediet.

Med «betre datasikkerheit» som argument, gjeninnførte Facebook nyleg ansiktsgjenkjenning i EU. Det medfører innsamling av biometriske data. Rett nok frivillig.

Det er kanskje ikkje alle som er komfortable med å gi frå seg slike data til eit selskap som har vist seg som notorisk svake på å verna om persondata.

Facebook sitt omfattande reklamenettverk samlar dessutan inn opplysningar om folk som ikkje eingong nyttar tenesta.

Urovekkande forretningsmodell

Ikkje minst fekk russiske hackarar sjansen til å påverke det amerikanske presidentvalet gjennom Facebook i 2016. FN har til og med sagt at Facebook fungerte som ein plattform for hatprat, og med det spela ei rolle i den etniske reinskinga i Myanmar.

Kanskje mest urovekkande for oss brukarar, er sjølve forretningsmodellen til tenester som Facebook, Instagram og Google. Dei bygger på å samla inn mest mogleg av våre persondata, for så å selja desse til interesserte tredjepartar.

Det gjer det mogleg å bygga profilar, og vidare dela oss opp i grupper og undergrupper. Annonsørar kan deretter kjøpa målretta reklame.

Det kan vera heilt i orden å ikkje få kjøttreklame dersom du er vegetarianar.

Hakket meir ubehageleg er det truleg å få opp annonsar for hemoroidekrem eller soppsalve. Det er informasjon ein kanskje vil halde for seg sjølv – ikkje ha lagra hjå selskap ein verken har hatt kontakt med eller har tillit til.

Dette skjer sjølvsagt ikkje berre på Facebook, men det er ein av plattformane kor slik marknadsføring gjer seg aller mest gjeldande.

Desse kan du bytte til

Viss du vil kasta deg på bølga av folk som slettar Facebook-kontoen sin, så finst det eit par alternativ. Her er ei liste over nokre utvalde:

  • Diaspora er eit veldedig prosjekt. Ingen har eigarskap over Diaspora. Det medfører at tenesta verken har reklame eller økonomiske interesser i dine persondata.
    Du kan registrera deg under eit pseudonym, og beheld heile tida eigarskapet over dataa dine. Tenesta består av ulike «nodar» som utvekslar informasjon med kvarandre.
  • Mastodon baserer seg på open kjeldekode, og er først og fremst eit Twitter-alternativ. Men Mastodon kan heilt fint erstatta Facebook òg. Til liks med Diaspora er Mastodon nodebasert. Kva det betyr forstår du truleg betre når du har prøvd det ut.
  • Ello er også ei teneste fri for reklame. I motsetnad til Facebook og andre, sel ikkje Ello informasjon om deg vidare til tredjepartar. Fungerer truleg best som erstatning for nyhendestraumen til Facebook. Ello rettar seg først og fremst mot kunstnarar og folk som er interesserte i kreative fag.
  • Digg er i hovudsak ein stad du kan oppdaga nyhender, og er ikkje ei erstatning for Facebook si meldingsteneste. Andre, liknande tenester er Flipboard, Bundle og ei rekke andre.
  • Raftr kallar seg sjølv eit «sivilisert sosialt medium». Tenesta samlar inn noko informasjon for å bygga profilen din. Desse blir ikkje delt med tredjepartar. Her kan du anten følga med på kva som skjer i verda generelt, eller knytta deg opp mot til dømes universitetet ditt. Tenesta finn folk med liknande interesser som deg
  • Les også: Fem tips for å ikkje bli misbrukt på Facebook.
Oppdatert: fredag 23. november 2018 11.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE