– Den beste kjensla er når eg har ein idé og den byrjar å utvikle seg i hovudet mitt, og eg vil få den ned før eg gløymer

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei hending som gjer at livet aldri blir det same

Gjertrud Langva, fødd i Trøndelag og oppvaksen i Volda, har alltid skrive og vore omgitt av historier. Som born vaks ho opp med ei mor som las mykje for søskenflokken, og ein far som var glad i å fortelje historier.

Faren dikta opp eit eige fantasiunivers for Gjertrud og søskena, der personane i universet hadde deira eigne namn. Når det kom nye småsøsken til, så dukka det òg opp nye karakterar i fantasiuniverset.

Ei eventyrøy og ei gamal skrivemaskin

I fantasiuniverset budde søskenflokken på fantasiøya «Lyngøya», ei øy som i den verkelege verda ligg utanfor Frøya på Trøndelagskysten. Historiene handla om det som skjedde på øya. Det var eit snilt univers, men nokre gonger kunne det bli for mykje vind når barna på fantasiøya var ute med båten, eller dei kunne gå tomme for bensin. Ikkje ulikt den verkelege sommarverda deira der dei tilbrakte feriane på Frøya. Men i fantasiuniverset fanst det òg meir eventyrlige fenomen, som små nissar som dukka opp rundt omkring.

På Frøya der Langva var med familien om somrane, stod det òg ei gammal skrivemaskin. Den elska Gjertrud som barn å sitte og skrive historier på. Ofte absurde historier om dyr. Ho skreiv og skreiv, heile somrane. Men maskina var tung å skrive på, så historiene vart av den grunn ganske korte.

Saman med lillebror lagde ho òg hytteaviser.

Fornuftige utdanningsval

– Eg trur eg fekk skrivelysta frå desse historiene i barndommen. Sidan eg har skrive heile livet, så kjennast det naturleg for meg. Eg kjenner at det hjelper veldig. Eg skriv ikkje om eige liv, men det kan vere at eg går med tankar og kjensler som eg overfører likevel. At eg får ut ting eg tenker på, seier ho.

Debutboka «Vi spring ikkje slik vi sprang». Foto: Samlaget

Ho hadde eigentleg tenkt å ta ei «seriøs» utdanning der ho var sikra jobb. Lurte på å studere fysioterapi, psykologi eller sosionom. Det synest ho kunne verke spennande. Men før det skulle ho gå eit år på folkehøgskole, for det hadde to av storesøskena anbefalt. Noko av poenget med å gå folkehøgskole er jo å gjere noko ein har lyst til, så difor gjekk ho skrivelinje.

Undervegs i folkehøgskoleåret skjønte Langva at ho ville fortsette med litteratur. Det vart først ein bachelor i litteraturvitskap, før ho gjekk to år på skrivekunstakademiet i Bergen.

Vakna utan å kjenne seg igjen på rommet sitt

No er ho aktuell med si første bok. I «Vi spring ikkje slik vi sprang» vaknar ein bror og ei søster ein morgon i huset der dei bur, til at foreldra er sporlaust borte. Mykje av handlinga i boka dreier seg rundt kva barna trur har skjedd med foreldra, og korleis dei no skal klare seg sjølve.

Boka var i starten ei novelle som tok form etter at Langva ein morgon vakna på sitt eige rom, utan å kjenne seg igjen. Alt kjendest framandt.

– Det var ei følelse av underleggjering. Kor er eg, kva har skjedd, fortel ho.

Det tok ikkje lang tid før ho kjente seg igjen og rommet vart «som vanleg». Men den kjensla av å vere i eit framandt og ukjent rom hang i, lenge.

Ei hending som gjer at livet aldri blir det same

Samtidig så hadde tragedia på Utøya hendt.

– Eg tenkte på det at ein legg seg om kvelden og ikkje veit kva som skal skje neste dag. Dagen etter blir alt aldri det same.

Ho byrja å spinne tankane rundt den framandkjensla ho sjølv hadde kjent den eine morgonen, og såg for seg to barn, der alt hadde forandra seg over natta. Det vart til ei novelle om to søsken som vakna til at foreldra ein morgon var borte.

Barna kvitta seg med alt foreldra eigde og gjorde seg «ferdige» med foreldra same dag. Men så kom foreldra tilbake på kvelden. Sjølv om dei kom tilbake, så vart forholdet deira aldri det same. På grunn av hendinga den eine dagen.

Historia var ikkje ferdig

Novella vart ein del av søknaden til skrivekunstakademiet i Bergen, der ho gjekk i to år.

Læraren hennar, Pedro Carmona-Alvarez, meinte at historia ho hadde skrive ikkje verka heilt ferdig. Han tipsa henne om å gå heilt tilbake til starten og begynne på nytt.

– Kor byrja det? spurte læraren.

Gjertrud Langva. Foto: Beate Haugtrø

– Eg sa det byrja med at foreldra forsvann.

Ho hang seg opp i spørsmålet om kva som hadde hendt med foreldra.

På nattoget mellom Bergen og Oslo byrja fleire og fleire forsvinningshistorier å dukke opp i hovudet hennar. Ho skreiv og skreiv.

Desse forsvinningshistoriene går igjen gjennom heile boka. Der diktar søskena dei opp for å kunne forstå kva som har hendt med foreldra deira.

I den eine historia er mor og far ute og symjer, når isen legg seg:

«Mor og far sumde. Det var kaldt, det var årets første bad. (…) Når dei pusta, kom det frostrøyk ut av munnen. (…) Eg held ikkje ut, sa far. Berre fem tak til, sa mor. (…) No har vi sumt fem tak, no sym eg inn att, sa far. Først må vi dukke under, sa mor. Det tel ikkje om vi ikkje dukkar under. Då er det rett heim etterpå, sa far. (…) I det dei dykka under, frøys vassoverflata til is. Det frøys raskare enn venta. Mor og far er under isen, i kulpen under isen, og der ventar dei på varmen».

Alt i boka er sant, fordi barna trur på historiene

– Lesaren kan lure på kva i boka som er barna sin fantasi og kva som er verkelegheit?

– Alt i boka er sant, for når dei fortel er det deira sanning.

– Som eg skriv i boka: Kvar forteljing er den sanne, fordi at når dei fortel den, så trur barna på den.

Ho seier at sånn er det for oss alle. Alt som skjer i liva våre, fortel vi som ei forteljing. Ein utelet noko, og legg til noko, vel kva ein vil skal stå igjen.

– Ein lager sitt eige narrativ, skaper heile tida si eiga verkelegheit. Det skjer meir og mindre bevisst. Nokre gonger finn ein på noko for å dekke over ting, og da byrjer ein å tru på det sjølv så det blir eins eiga sanning. Det blir uansett sanninga, seier ho.

Ho legg til at i boka så blir historiene til borna litt meir ekstreme enn når vi til dagleg diktar vår eiga sanning.

Les også: Mista skrivegleda på vidaregåande

Måtte byrje å tenke på lesaren

Fram til ho byrja på denne boka, har Langva stort sett skrive for seg sjølv. Det vart ei ny oppleving å skulle ta omsyn til at nokon skulle lese historia hennar.

Då eg byrja å levere inn til Samlaget var historia meir uforståeleg og meir vanvitig. Men etterkvart måtte eg byrje å tenke på at det er nokon som skal ta imot teksten.

Ho fortel at det var uvant å skulle gi det frå seg, og at andre kunne danne seg eit eige bilde av kva det handlar om.

Fleire av bokmeldarane har tolka tematikken i boka som omsorgssvikt, noko Langva sjølv ikkje tenkte på da ho skreiv. Ho har alltid likt barnebøker der dei vaksne ikkje er til stades.

– Eg er mest opptatt av relasjonen mellom barna, og synest det er veldig befriande å kutte foreldra vekk frå historia. Utan vaksne til stades er det ingen som kan sensurere dei. I denne forteljinga kan dei fôre kvarandre, og ein kan utforske korleis det utspinn seg når ein ikkje blir korrigert.

– Den kjensla av at her er alt mogleg, og kva som helst kan skje, den liker eg veldig godt når eg les, seier ho.

Om søskenforhold

Langva har alltid skrive om søsken, men det tok ei tid før ho sjølv forstod det. Det var først da ho var med i ei skrivegruppe og dei fleste andre i gruppa skreiv om parforhold, at det vart lagt merke til.

– Du skriv jo alltid om parforhold, sa ho til den eine deltakaren.

– Ja, og du skriv jo alltid om søskenforhold, svarte den andre.

At ho skriv om søsken er ikkje så rart. Ho har vakse opp med fem søsken, og har eit nært forhold til dei alle.

– Da blir det fort at det er den omsorgen og nærleiken mellom søskena som står i sentrum, seier ho.

Søskena har vakse opp og stått kvarandre veldig nære. Og har også fått eit veldig godt forhold som vaksne.

– Som barn blir ein kasta i baksetet og må fungere i lag. Som vaksen må ein velje sine søsken på nytt, meiner ho.

Ho har opplevd at ho som vaksen har fått eit fornya forhold til alle sine søsken.

– Det eg verdset med søskena, er at dei forstår veldig godt kor du er ifrå. Dei har kjent meg på godt og vondt gjennom alle åra. Dei har ei forståing av kven du er og kvifor. Ein har gått gjennom dei same tinga, sjølv om ein kanskje har takla det på forskjellig måter.

Ho tenker at søskena sine har ein uansett.

– Vi har støtta kvarandre. Sjølvsagt er det ikkje alle som har det sånn, men det er sånn eg opplever det da, seier ho.

Boka har ho dedikert til sin lillebror.

Gler seg til å skrive berre for seg sjølv

No gler ho seg til å skrive berre for seg sjølv, utan å tenke på at det skal bli ei bok som nokon andre skal lese.

– På slutten i prosessen med å gi ut bok, så blir det ein del stress, og ein må redigere og tilpasse og forhalde seg til deadlines. Det blir heller ikkje tid til å lese andre sine bøker.

– Så akkurat no gler eg meg til å berre kose meg med å skrive for meg sjølv, og sjå om det kan bli til noko, og å lese andre sine bøker, seier ho.