Frå festivalcampen. Foto: Brynjar Tvedt/Strynefestivalen
– Strynefestivalen har blitt Nordens Ibiza, uttalte festivalleiar Brynjar Åmot til lokalavisa etter Strynefestivalen 2018. Foto: Kyle Meyr/Strynefestivalen
JON OLAV spelte på Strynefestivalen. Foto: Kyle Meyr/Strynefestivalen
Eg har lyst til å gi litt merksemd til ein festival som for meg var ukjend heilt fram til eg skulle spele der i starten til festivalsumaren. Ein festival som blir omringa av noko av det finaste vi har av natur i Norge og den roligaste atmosfæren eg har møtt på.
Frå festivalcampen. Foto: Kyle Meyr/Strynefestivalen
Der tre høge fjell møtast i botnen av ein dal, rett ved ei krystallblå elv kan du finne den.
Strynefestivalen. Ei gøymd perle
Festivalen blir heldt på Folven Camping øvst i Oppstryn, i Hjellebygda rett før du tek til på Strynefjellet. I regi av Fri Flyt ber den naturlegvis preg av friluftsliv og for ein slik type festival er det vanskeleg å finne nokon betre plass for den.
For nokre er ikkje denne festivalen ukjend i det heile. Blant dei eg snakka med hadde brorparten av desse vore der minst ein gong før, og med god grunn. Dette er ein festival ein gjerne vender tilbake til. Eg mistenker at dette er årsaka til at den vart utseld i år.
Det var ei ganske «happy-go-lucky» stemning over denne tilstellinga som eg fall litt for. Folka som var der verka veldig tilfredse med å vere akkurat der, og det var rom for alle. I løpet av det døgnet eg var der møtte eg folk i frå heile landet, eit par tre tyskarar i lederhosen og ein pirat. Alle i skjønn harmoni.
I løpet av det døgnet eg var der møtte eg folk i frå heile landet, eit par tre tyskarar i lederhosen og ein pirat. Alle i skjønn harmoni.
På dagtid kan du nytte deg av omgivnadane og dei organiserte turane som festivalen set opp. Du kan velje mellom topptur på ski, sykling, klatring og mykje meir. På kvelden kan du kose deg på konsert.
Strynefestivalen har organiserte turar på ski, hjul og i kajakk. Foto: Brynjar Tvedt/Strynefestivalen
Det gjekk også rykte om eit tradisjonsrikt nachspiel den siste kvelden, som eg dessverre gjekk glipp av. Mulig grunn nok til å komme tilbake neste år.
Sjølv om det er ein festival med stort fokus på friluftsliv, passar den fint for dei som ikkje har dette som sin lidenskap også. Når friluftsgjengen er på tur på dagtid kan du for eksempel kose deg i sola på campingplassen med ei pils og eit slag kubb. Om ikkje dette fristar kan du også prøve å bade i elva. Sistnemnde kjem med kuldegaranti.
Trass litt lite musikkprogram er dette ein festival eg vil anbefale på det sterkaste. Rett og slett ein av dei trivelegaste festivalane eg har vore på. Rett under Malakoff og Sommarfesten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.