Mailiss Solheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå Moskva til Bergen med synthpop

Den heilt ferske låta heiter «Beauty» og tar lyttaren med til eit ganske så unikt, musikalsk univers. Synkront med singelsleppet gjestar 24-åringen Bergen, der debutalbumet vart spelt inn, for å gjere eit par konsertar. I det høvet har underteiknande slått av ein prat om livet som musikar, fascinasjon av Skandinavia og fotball-VM.

Og ja, intervjuet vart gjort på norsk.

Om musikken

– Gratulerer med låtsleppet «Beauty». Kva handlar låten om?

– Takk! Ideen bak låten var at venleik er i konstant endring. Eg bryr meg om estetikk, og «Beauty» handlar om kor ustabilt det er, fortel russaren.

– Kva gjorde at du flytta til Bergen, og kvifor var det akkurat her du valde å spele inn debutplata?

– Eg studerte Nordisk i Moskva og ville sjølv oppleve korleis det er å bu i Skandinavia. Så byrja eg på mastergrad i Bergen, og spelte inn musikk på rommet mitt samstundes. Bergen er ein utruleg inspirerande by.

– Du har ein ganske unik sound, korleis har du funne fram til ditt musikalske uttrykk, og kva gir deg motivasjon til å lage ny musikk?

– Eg elskar at eg har så mange moglegheiter med berre laptop-en min, og det at eg er nyfiken driv meg framover i prosessen. Og ikkje minst kjensler – eg uttrykker det eg kjenner. Utan kjensler er det ingen sjel i musikken og særpreget forsvinn, konstaterer musikaren som har tatt synth-miljøet med storm.

Fascinasjon for Skandinavia

Når og korleis møtte du fyrst den skandinaviske kulturen og språka?

– Då eg var liten og leste om trekkhundar. Men eg vart interessert for alvor då eg byrja på vidaregåande.

– Kva gjorde at du valde å lære deg norsk og dansk som 16-åring?

– Lyden! Eg veit at det er ein upopulær ting å seie om dansk, men både dansk og norsk lyder utroleg sjarmerande etter mi meining. Og difor brann eg for å lære meg desse språka.

– Og kva er planane vidare etter konsertane i Bergen denne helga, og seinare plateslepp?

– Skrive meir musikk, og det eg gjer konstant. Vonleg fortsette med å sleppe nye låtar. Eg trur «Mattias» fortel mykje, men ikkje alt.

Frå coveret på den nyaste singelen til Svetla V.

Om å vere kvinne i en mannstung bransje

– Når og korleis byrja du å spele og lage musikk?

– Eg byrja å lære meg piano då eg var sju år og gjekk på musikkskulen. Men eg starta med å lage musikk for berre omlag fire år sidan, fordi eg var nyfiken på korleis ein gjer det. Og snart vart det til den mest interessante måten å bruke tida mi på.

– Korleis er det å vere ung kvinne i ein mannstung bransje – som musikken ofte er? Kjenner du at du vert teken seriøst og møtt med respekt?

– Eg har alltid blitt tatt alvorleg. Eg har aldri kjent nokon grenser i musikkverda på grunn av mitt kjønn. Eg håpar at fleire og fleire kreative kvinner opplever det same.

– Du skal ha creds for å gjere alt sjølv, både skrive tekst, lage melodi og produsere! Korleis får du tid til alt? Er det nokre spesielle utfordringar du møter når du jobbar på denne måten?

– Eg har aldri prøvd noko anna, så eg veit ikkje korleis ein gjer berre «sin eigen del» av musikk. Det kan vere frustrerande å avgjere om låta er god eller ikkje, fordi eg berre har eit par øyrer. Men eg vil ikkje dele prosessen med nokon uansett, kvar einaste bit av den er viktig for meg!

Russland

– Du er jo frå Russland. Korleis kjenner du at musikkscenen er der om dagen?

– Mangfaldig. Ho blomstrar. Og grunnen er nok at bransjen er ganske ustrukturert, som gjer at grensene vert sletta og ein kan skape akkurat det ein vil. Det er så mange talent no for tida. Lytt til Kedr Livansky, Jan Amit eller Perfect Human for eksempel.

– Er det nokon spesiell grunn til at du har flytta til Skandinavia og no bur i Stockholm?

– Som sagt var det ein kombinasjon av å oppleve staden og ta ei mastergrad. Det har nok vore ein av dei beste vala eg nokon sinne har tatt.

– Korleis ser du på det politiske klimaet i Russland?

– Kontroversiell, men det er ei meining mange har, inne og utanfor Russland.

Fotball-VM

– No er det jo duka for fotball VM nettopp i Russland. Kva tenkjer du om reaksjonane frå «Russlands-motstandarar» som ikkje liker at meisterskapet vert arrangert der. Kva tenkjer du om saka?

– Sjølv om det er ein del politikk i alle kultur- og idrettsarrangement, tykkjer eg ikkje at ein skal blande dei og boikotte ein på grunn av den andre. Det skaper berre høge murar og meir hat. Det har aldri ført til noko godt. Land handlar ikkje berre om politikk, folk og kultur sett og sitt preg på omgivnadane. VM gir både russarar og utlendingar høve til å møte nye menneske, lære om andre kulturar og synspunkt, samt møtast over felles interesser – fotball i dette tilfellet, som kan vere fint.

– Korleis kjenner du at din oppvekst i Russland har forma deg som person og musikar? Trur du at du har andre opplevingar å ta med deg inn i din kreative jobb, enn for eksempel ein musikar frå Skandinavia?

– Ettersom eg har vakse opp i Russland har det naturlegvis forma meg til den eg er og eg identifiserer meg som russar. Og mange av låtane mine er på russisk. Eg merkar ikkje så stor forskjell på meg og dei eg møter frå Skandinavia, spesielt ikkje innanfor musikk. Det er personen bak som bestemmer kva ein lyttar til og eventuelt kor ingrediensane for kreative prosessar kjem frå, avsluttar Svetla V.

Det er inspirerande å høyre på den unge russaren snakke om estetikk, musikk og om å gjere det ho brenn for. Med den mottakinga ho så langt har hatt, er Svetla V eit namn vi kan vente å høyre mykje frå frametter, og glede oss over at kulturen vi har rundt oss dagleg er med på å inspirere musikken ho lagar.

Sjå også: Ein låt eg likar