Politikk og samfunn

«Skulegudstenester er forkynning, og forkynning i skulen er ulovleg»

Når valet står mellom gudsteneste eller å skrape tyggis av klassekameratanes pultar, er det ikkje noko reelt val, skriv Maja Solerød i Humanistisk Ungdom.

Maja Solerød (21)
Styreleiar Humanistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

No som det snart er jul, er det vanleg å kjenne på takksemd over kor godt ein har det. Sjølv er eg svært takksam for at eg bur i eit land der eg kan oppleve denne tida på den måten eg vil. Eg går nemleg ikkje lenger på grunnskulen, og blir dermed ikkje tvinga til å delta i utøvinga av ei tru eg ikkje er del av.

I 2023 vedtok Stortinget at forkynning ikkje skulle vere lov i skulen, og godt er det. Dessverre blei praksisen rundt skulegudstenester og ulovleg forkynnande praksis i skuletida ikkje tatt seriøst.

Kyrkja har rett

Ifølge Udir er ikkje skulegudstenester forkynnande, men «skal gi elevane kulturell innsikt og forankring». Derimot meiner Kyrkja sjølv, som trass alt er vertskap for arrangementet, at skulegudstenester er forkynnande.

Så kven skal ein eigentleg tru på her? Det er jammen ikkje ofte vi humanistar stiller oss bak Kyrkjas påstandar, men la gå – det er jo jul.

Når Kyrkja sjølv peiker på skulegudstenester som aktiv trusutøving, er det ganske pinleg at Stortinget sjølv i ettertid har sagt at forbodet mot forkynning i skulen ikkje gjeld her. Så då får vel vi i Humanistisk Ungdom forklare det for dykk:

Skulegudstenester er forkynning, og forkynning i skulen er ulovleg. Så enkelt er det å følge ei lov de vedtok. Det er dessverre ikkje slik at vi burde få lov til å gjere lovbrot, berre fordi det er «så koseleg».

Det finst ikkje noko alternativ

Skulegudstenester følast som fri frå vanleg undervising. Då kan ikkje eit likeverdig alternativt opplegg vere ordinær undervising i eit klasserom, rekning og lesing på skulebiblioteket, eller historietime om kristne tradisjonar.

Nokre stader er alternativet «forfallande arbeid på skulen». Elevar som ikkje vil dra i kyrkja, må altså rydde og vaske medan venane deira er i kyrkja.

Når valet står mellom gudsteneste eller å skrape tyggis av klassekameratanes pultar, er det ikkje noko reelt val. Det er ikkje snakk om pest eller kolera, men om pest eller sukkerfri cola. Det er skjult tvang.

Kos er ikkje eit godt argument

Skulane klarar altså ikkje å legge til rette for gode, likeverdige alternative opplegg. Når det i tillegg som regel er aktiv avmelding til skulegudstenesta framfor aktiv påmelding, kan vi heller ikkje skryte på oss eit rettferdig system som varetar elevar på lik linje, uansett tru og livssyn.

Vi i Humanistisk Ungdom vil ikkje ta denne debatten kvart einaste år, men vi er nøydde til det. Vi kan ikkje tillate at ein slik diskriminerande og ulovleg praksis held fram.

Det er på tide at ein tar av seg nisselua og tar på seg tenkehatten, og rettar eit kritisk blikk mot skulegudstenester. Sjølv om gudstenester og andre ritar er flotte tradisjonar, må det då følast feil å praktisk talt tvinge elevar til å vedkjenne si tru midt i skuletida.

Vi i Humanistisk Ungdom meiner at kos ikkje er eit bra nok argument. Så her kjem vår oppmoding: Gi skuleelevar den beste julegåva dei kan få, ein skule fri frå forkynning!