Etter å ha lege brakk eitt år, går festivalen Bygdalarm på nytt av stabelen i Hardanger frå 6. til 8. juli.
Nynorsk Pressekontor
Frå programmet til Bygdalarm 2018
  • Hajk
  • Great News
  • Hjerteslag
  • Kvelertak
  • Mikhael Paskalev
  • of Montreal
  • Silvana Imam
  • + ei overrasking
LES FAKTALUKK FAKTA

Bortsett frå at festivalen i år blir flytta frå Øystese til nabobygda Norheimsund, er profilen mykje den same som tidlegare.

– Me har bevart identiteten vår. Det blir kyr, kumle og klubblarm dette året også, sa frivilligansvarleg Johanna Valland nyleg til Bergensavisen.

Kjærleiken til bygda

Kjærleiken til bygda er viktig for festivalen, forklarer presseansvarleg Maria Pile Svåsand til Nynorsk pressekontor. Omkransa av fjord og fjell – og eit festivalområde inngjerda med hesjar, kan publikum nyta musikk og lokal mat i hardangerbygda i fulle andedrag.

Kvelertak med vokalist Erlend Hjelvik frå Vikedal i spissen speler på Bygdalarm. Pressefoto: Erik Holsvik

Musikalsk er pressesjefen godt også nøgd med programmet.

– Me har eit ganske breitt program i år med alt frå bergensband som Kvelartak til Hjerteslag og Great News. I tillegg til fleire andre namngjevne artistar, lovar arrangørane ei stor musikalsk overrasking laurdagskvelden.

Klubbkonsept

Pile Svåsand seier Bygdalarm alltid har hatt mange lokale vestlandsband.

– Heile klubbprogrammet er i år vestlandsfolk, seier ho.

I tillegg til daglege utekonsertar byr festivalen i år på eigne klubbkonsept med konsertar og DJ-ar innandørs resten av natta.

Rundt 200 frivillige er med på å arrangera festivalen. (©NPK)

Oppdatert: tysdag 12. juni 2018 12.16

LES OGSÅ

ANNONSE