Fekk prøva framtidas festivalcamp

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil aldri bu i telt på festival meir, seier Rick Belle.

Han har nettopp innlosjert seg i det som frå utsida ser ut som ein liten kontainer med vindauge.

Inni er det seks kapslar som er 200x100x95 cm, pluss dusj og toalett. Inni kvar soveplass er det ein underhaldningsskjerm i taket, og akkurat høgt nok til at ein kan sitja.

Litt innanfor intimsona

– No gjer det ingenting at folk pissar på utsida, ler trommis Thore Pettersen.

– Det er nok sikkert best at du kjenner dei du bur saman med, for det er litt innanfor intimsona, seier Ida Collett Belle, men legg til:

– Kvar enkelt pod har dør med lås frå innsida. Det gjer det trygt, og så slepp ein å høyra på dei andre fisa.

– Og korleis var det å sova ei natt på torget?

– Det var veldig koseleg! Lunt, relativt lydisolert, god luft og behagelege senger. Ein liten heim midt på torget rett og slett, seier Ida.

Rick Belle i underetasjen og Thore Pettersen over og Ida Collett Belle til høgre sov på Leirvik torg natt til sundag.

Liten by til Tysnesfest

Til sommaren kjem det ein heil liten by av slike til Tysnesfest.

Eirik Kalve i Podtown satsar no på at dette kan bli framtidas festivalcamp.

– Eg håpar dette kan hjelpa mange festivalar og idrettsarrangement på Vestlandet med å gi trygg og komfortabel overnatting.

Sassy Kraimspri kjem med ny singel i februar. Les intervju med bandet seinare i veka!