Gav råd til utviklingsministeren
Lina Fonstad (17) og Agnes Nordvik (15) har klare meiningar om korleis bistandspolitikken til Noreg kan bli betre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det gjekk veldig bra. Han lytta nøye etter og var ivrig etter å høyre våre innspel, seier Agnes Nordvik (15).
Juniorrådgjevarane i Plan International Norge sin ungdomsorganisasjon URO og ungdom frå blant anna LNU (Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar) og Changemaker fekk ein time med utviklingsministeren.
På eige initiativ har dei tatt kontakt med Utanriksdepartementet fordi dei ønsker å gi råd om kva politikarane bør prioritere i bistandsarbeidet framover.
Budsjett på over 30 milliardar
I fjor gav Noreg 34 milliardar i bistand. Det er to hovudpunkt som legg grunnlaget for norsk bistandspolitikk. Det eine er FNs berekraftmål om at ekstrem fattigdom skal vere utrydda, sosiale forskjellar utjamna og klimaendringane bremsa innan 15 år. Det andre er 2030-agendaen som omhandlar å trygge global stabilitet og jordas berekraft.
Dei områda som blir prioriterte i bistandsarbeidet, er utdanning, humanitær bistand, helse, næringsutvikling og jobbskaping, klima, miljø og berekraftig energi. I tillegg er arbeidet for menneskerettar, klima og miljø, kvinner, likestilling og arbeid mot korrupsjon omsyn som blir vektlagde.
Vil påverke politikken
På besøket hos utviklingsminister Nikolai Astrup i Utanriksdepartementet, overleverte Lina Fonstad (17) og Agnes Nordvik (15) ei liste med dei tre saksområda dei synest er viktigast at blir jobba med i norsk bistand.
Her fokuserte dei på barneekteskap, fokus på jenter i jobbskaping- og næringslivssatsinga, og dei vil sette ekstra fokus på ungdom i humanitære kriser og konfliktar.
– Sjølv om vi ikkje har stemmerett, får vi høve til å vere med og påverke politikken. Eg håpar han tek til seg forslaga våre, seier Lina Fonstad.
I lista til bistandsministeren vil dei at ungdom både frå landa i sør og frå Noreg bør bli involverte i Noregs nye strategi på barneekteskap.
– Noreg held på med å lage ny strategi på barneekteskap. Der er det viktig at ungdom både frå landa i sør og i Noreg er med på den strategien. Vi synest det er viktig at ungdom blir inkluderte og får kome med innspel til den.
Dei meiner òg at Noreg må skaffe eit tydeleg likestillingsperspektiv i næringslivssatsinga- og jobbskaping.
– Det er viktig at dei satsar på jenter si utdanning og helse, men òg viktig at dei blir sikra jobb etter endt skolegang, seier Nordvik.
I siste punkt vil ungdomsorganisasjonane at Noreg offisielt bør slutte seg til Youth compact, som omhandlar at ein skal passe på at den humanitære støtta òg vender seg til ungdom.
– Den humanitære støtta rettar seg mot barn og vaksne. Ungdom blir ofte gløymde, og dei er ei spesielt sårbar gruppe, seier Nordvik.
Ekspertar på kvar sine fagfelt
Som juniorrådgjevarar har dei kvar sine fagfelt. Medan Agnes Nordvik har ansvar for jenters rettar og likestilling i bistand, har Lina Fonstad ansvaret for klima og berekraftig utvikling.
– Vi blir ekspertar på fagfeltet, har kampanjar og jobbar mot media og politisk påverknad, forklarer Nordvik.
For å kunne påverke utviklingspolitikken globalt, samarbeidar dei òg med ungdom i store delar av verda for å oppnå måla sine.
Den siste tida har dei jobba med ein kampanje om barneekteskap. Da reiste to av dei norske juniorrådgjevarane frå Uro til Tanzania, og utveksla erfaringar med ungdommar frå blant anna Tanzania og Malawi.
– I Noreg har vi jobba med ei lovendring og har fått det igjennom. Og dei jobbar med det same der, seier Nordvik.
No er dei spente på om utviklingministeren følger opp råda deira.
– Det var kult å sjå at han verkeleg lyttar og forheldt seg til innspela vi kom med. Det blir spennande å sjå om han følger opp, seier Nordvik.
- Les også: Guten som slåst for jenters rettar
Bistandsministeren tvitra om møtet onsdag:
Utviklingsminister @nikolaiastrup fikk i dag mange nyttige innspill til regjeringens utviklingspolitikk fra Norges største ungdomsorganisasjoner: @saih @Spireorg @FNstudentene @avmedforungdom @lnu @UROPlanNorge @Pressrbu @UngOgSolidarisk @RodeKorsUngdom pic.twitter.com/eaAyrUD2S0
— Utenriksdepartementet (@Utenriksdept) June 13, 2018
Norsk bistand
- Noreg gav 34,1 milliardar kroner i bistand i fjor.
- Det tilsvarer 0,99 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI).
- 5,12 milliardar gjekk til global helse, 4,43 milliardar til naudhjelp, 3,73 milliardar til klimafinansiering og 3,16 milliardar til utdanning.
Kjelde: Regjeringen.no