Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rappar og slampoet: Ikkje fuck opp kysten

– Eg har prøvd å jobba på fiskebåt, men eg blir så båtsjuk. Eg likar å skriva om det i staden – det er min måte å bidra, ler Nuorta.

Med sin urbane stil glir rapparen og slampoeten frå Nord-Noreg uproblematisk inn på kaffibaren i hovudstaden der me møtest til intervju. Livet ho lever og sakene ho engasjerer seg i skil seg likevel tydeleg frå det som rører seg i hip hop-miljøet i Oslo.

Med ein gamal bubil som heim bur nemleg Nuorta «litt rundt omkring» i Nord-Noreg – helst med base i Lofoten, men akkurat no i Tromsø – og ho rappar helst om fisken, havet, naturen og framtida i nord.

Høyr «Feskeræpp» her:

Rappar om kystfiskeflåten

– Eg bur nært på havet, og kjenner meg som ein del av naturen. Då blir det viktig å behandla alt rundt seg med respekt. Mennesket er ein del av økosystemet, og står ikkje over resten av naturen, seier Nuorta.

Ho let seg provosera av politikarar som ser Nord-Noreg som ein nedleggingstruga landsdel som må «reddast» med oljeboring – samstundes som dei føreslår å fjerna leveringsplikta for havfiskeflåten, som trugar grunnlaget for fiskemottaka og kystfiskarane i nord. For ein nordlending går debattane tett inn på livet.

– Eg kan ikkje bu her viss ikkje fiskarane kan fiska her. Fuckar ein det opp, anten med oljeboring eller ved å la trålarane ta over, så øydelegg ein heile kystsamfunna som er bygd opp rundt fisket, seier Nuorta, som meiner slampoesi og rap er godt eigna medium for å få ut ein bodskap.

– Politikk er ikkje sjølve livet, men det er viktig å seia frå om det som skjer rundt seg som er urettferdig, meiner ho.

I takt med naturen

Artistnamnet, som avhengig av kva samisk språk ein snakkar enten «nord» eller «aust», fekk rapparen tildelt ein gong ho skulle opptre. Men personen som skjuler seg bak det retningsforvirra, samiske namnet har ikkje noko samisk blod i årene sjølv.

– Det er ikkje eit ønske om å ta på meg ein identitet eg ikkje er ein del av, men eg trur på at me alle er tar del i eit kollektiv medvit som strekk seg tusenar av år tilbake. Eg trur alle kan kjenna at dei har ein bit av urkultur i seg, anten ein er same eller «berre» norsk, seier Nuorta.

Nordlendingen meiner meiner me som veks opp i ein moderne norsk kultur kan læra av urfolket, ikkje minst når det gjeld å ta omsyn til omgjevnadane våre.

– Eg skriv mykje om det å finna tilbake til naturen, og urfolkskulturen byggjer gjerne mykje meir på kontakt med naturen, seier ho.

– Eg trur ein blir lukkelegare av å dyrka lidenskapane sine, seier Nuorta, som heller vil «leva så mykje som mogleg» enn å jobba ni til fire kvar dag. Foto: Runar B. Mæland

Pønk og poesi

Nuorta har deltatt i tevlingar i slampoesi, og presenterer seg som regjerande nordnorsk meister i kunstarten som ligg i grenselandet mellom tradisjonell lyrikk og rap. «Poesi framført på ein litt rytmisk måte,» kallar Nuorta det.

Sjølv fann ho fram til slampoesien via omvegar; då ho byrja å skriva tekstar, spelte ho nemleg i pønkband.

– Så byrja eg å meditera, og prøvde å skriva om tankane og kjenslene eg fekk då eg mediterte, men eg fekk ikkje det til å passa inn i pønken. Så blei det rap i staden, for eg har alltid likt hiphop. Men å rappa om meditasjon blei ikkje så gangster heller, så då blei det slampoesi, seier Nuorta.

Når ho held konsertar saman med gitaristen Louise, som ho har gjort i Oslo og rundt i Nord-Noreg det siste året, blir musikken ein slags akustisk hiphop. Uansett har ikkje sjangernemningane noko å seia, meiner ho:

– Det viktigaste å få skriva og uttrykkja seg. Me har veldig behov for å setja ting i kategoriar, men det er begrensande.