Poeten Theis Ørntoft diktar om Kardashians og breaking news. Han vil at kunst skal bidra til å forstå samtida.

 

for å finne ro i den svarte natta

må eg ta dataen fram og runke

til synet av Kim Kardashians store ræv

 

I Dikt 2014 skriv Theis Ørntoft om alkohol, algar og Assad. Det heile er, ifølgje forfattaren sjølv, eit forsøk på seia noko om den tida me lever i.

– Eg kan hugsa å ha lest ein australsk kulturteoretikar som snakkar om at mengda informasjon me får inn er så voldsom og konstant at me ikkje er i stand til å prosessere det, seier Ørntoft.

Det betyr at me klarar å ta stilling til kva det er, men ikkje om det er godt eller vondt. Eller feil.

LES OGSÅ: Meiner Kulturrådet har skuld i at norske poetar ikkje rimar

Tek livet på alvor
Theis Ørntoft er ein av fire danske poetar som i år vart lansert på norsk av Samlaget. Dansk poesi får mykje merksemd fordi diktarane tek samtida dei lever i på alvor, forklarar Ørntoft.

Når Framtida.no spør han om å lesa eitt av dikta sine på nynorsk er han ikkje heilt stødig i språket, trass i at han hevdar å vere ein av dei fyrste danskane som oppdaga «Skam». Han meiner mykje av grunnen til at serien kjennest så relevant er at «Skam» – som dei danske poetane – speglar den verda me lever i.

– Du er ikkje redd for å verte for låst til samtida med tittelen Dikt 2014 og referansar som Kim Kardashian?

– Nei, det vil eg ikkje seia.

Ørntoft forklarar at dei dikta han sjølv likar best er dei som både tek for seg samtida og samtidig peikar på noko større.

Les også intervju med «Skam»-forskar: – Serien er moderne folkeopplysning

Breaking climate
Eg-personen i Dikt 2014 snakkar stadig vekk om breaking news. Ørntoft kallar det ei vulgarisering av det som skjer i verda. Han viser til eit eksempel der ei dansk nettavis laga ein video med Bataclan-angrepet akkompagnert av pianomusikk.

Breaking news er hendingar som finn stad på ein tidsskala som er veldig kort. Difor er det veldig tiltalande for oss. Men det kjem til å gå ut over vår evne til å bli meir intelligente, seier Ørntoft, tydeleg engasjert.

Han dreg fram klimakrisa, som unekteleg er svær og kompleks.

– Ein kan nesten ikkje forstå det som ei hending i tid og rom.

LES OGSÅ: Me hugsar krisene i nyheitsbiletet

Monstrøs framtid
Før kunne den danske poeten verte deprimert med tanke på framtida, men no tykkjer Ørntoft at det er ei spanande tid me lever i.  

– Eg trur ikkje at du kan gjere noko som menneske utan at det er ein form for håp knytt til det du gjer, elles står du ikkje opp av senga om morgonen.

Ei kjensle av håpløyse var utgangspunktet for den ganske mørke diktsamlinga, som no er gjendikta til nynorsk av Britt Kristin Ese og Erlend Nødtvedt.

– Framtida er verken utopisk eller dystopisk, den er monstrøs, seier Ørntoft.

LES OGSÅ: Kan ein robot skriva ein roman?

Robotane kjem
Den danske poeten meiner politikarane berre tenkjer fem-ti år fram i tid. Slik er det òg når dei snakkar om robotteknologi og kunstig intelligens, som inntil nyleg vart omtalt av politikarar og media som noko artig og science fiction-aktig.

Ørntoft meiner at kunsten kan bidra til nye forklaringsmodellar for den kaotiske verda me lever i.

– Kunst kan vere med å animere kunnskap og gjere det til spanande fortellingar, avsluttar han.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven klyp seg i armen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE