Sofie Frost er nordisk meister i slampoesi

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 30.05.2018 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sofie Frost har dei siste åra gjort seg bemerka både med slampoesi om Metoo-problematikk og om Utøya, og mange kjenner henne òg gjennom TV-showet Norske talenter. Seksuelle overgrep og sjukdom i familien – alt ho har på hjartet kan få ein kanal gjennom slampoesi.

– Slampoesi er som terapi for meg og eg får ut ting som ikkje folk snakkar så mykje om, sa Sofie Frost til Tv2 tidlegare i år. I november 2017 vart ho kåra til Norgesmeister i slampoesi. No er ho nordisk meister.

I konkurransen framførte deltakarane eigne tekstar i krysningspunktet mellom diktopplesing, standup og «spoken word». Dei vart vurderte både ut frå teksten dei framførte og måten dei framførte han på, melder «Foreningen !les» i ei pressemelding.

Alle deltakarane (F.v.) Johu Kuus (Finland), Jón Magnús Arnarrsson (Island), Sofie Frost (Norge), Frej Haar (Sverige), Victor von Hellens (Finland) og Sara Hauge (Danmark). Foto av Nils Jansson.

NM er eit samarbeid mellom slampoesimiljøa i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Finalistane er dei nasjonale vinnarane av desse landa sine nasjonale meisterskap. Nordisk Meisterskap vart arrangert av «Foreningen !les» for første gong i 2017, under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Deltek under Litteraturfestivalen på Lillehammer

Sofie Frost deltek på Nordisk slamfest på Banknatta under Litteraturfestivalen på Lillehammer fredag 1. juni.

– Det blir eit forrykande show med Nordens beste slampoetar på scenen, seier prosjektleiar for slampoesi i Foreningen !les, Hilde Slåtto.