Venstre satsar ungt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter valet i 2007 var 25 venstrefolkevalde under 30 år. Allereie no før nominasjonane er over står over 40 unge kandidatar på lister der dei har stor sjanse til å kome inn i fylkesting og kommunestyrer for å kjempe for skole, miljø og inkludering.

– Det er viktig å satse på unge folk, som veit korleis skole, kollektivtrafikk og kulturtilbod fungerar for dei som faktisk nyttar tilbodet, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark (21), i ei pressemelding. Han er valkampansvarleg i Unge Venstre og førstekandidat i Østfold til fylkestingsvalet.

Ta kontakt med lokalpartiet!
Om du er interessert i å stilla til val, rådar Per Magnus Finnanger Sandsmark deg til å melda deg for lokalpartiet du er mest samd med, og seia i frå om at du kan tenkja deg å stilla på lista.

LES OGSÅ: Ungdom: – Lokalpolitikarane veit lite om oss

– Dei aller fleste partia er interesserte i å få fleire ungdommar med. Det kan også vera bra å finna nokre saker som ungdom er spesielt opptatt av, anten det er snakk om skule eller skatepark, seier han til Framtida.no.

Ønskjer gode lærarar – ikkje frukt
– Eg som går på vidaregåande skule veit kva vi slit med. Vårt problem er ikkje for lite frukt, men lærarar som ikkje har tid til eller kompetanse til å hjelpe oss. Eg vil prioritere betre lærarar framfor andre gode tiltak i skolen, seier Elin Sandvik (18), 2. kandidat for Venstre til fylkestinget i Troms og 4. kandidat i Tromsø.

LES OGSÅ: Gubbevelde styrer kommunane

– Må bli lettare å velja miljøvennleg
– Vi vil gjere det lettare å velje miljøvennleg, med godt kollektivtilbod, som bybane på Nord-Jæren og oftare og billigare buss i heile landet, seier Kjartan A. Lunde (24) som er 4. kandidat for Venstre i Rogaland og tilsett som organisasjonsmedarbeidar i fylkeslaget.

– Fylkestinget og kommunestyra skal representere alle innbyggjarane, da er det viktig at vi som er unge stiller opp og kjemper for det vi trur på, legg Aleksander Nygaard Åsnes (20) frå Førde som er kandidat både i heimkommunen sin og til fylkestinget i Sogn og Fjordane.

LES ALT OM LOKALVALET 2011!