Høyr på flau musikk, er blant årets sommartips

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per Magnus Finnanger Sandmark føreslår at du høyrer på musikk du syntest er flau og les eit lite pretensiøst essay. Foto: Helge Eek

Finlandssvensk podkast og flau musikk

Per Magnus Finnanger Sandsmark er redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. Han har følgjande tips for sommaren:

1. Høyr på musikken du har fortalt deg sjølv at var flaut dårleg. Ég har finne att Gatas Parlament-cdar og kosar meg overraskande mykje med det.

2. Slå deg laus med eit artig essay som er mindre pretensiøst enn sjangeren. «Samtidsruinar» av Marit Eikemo eller «Friksjonar» av Marta Norheim gjer både bibliotekaren som endeleg får lånt ut eit essay og deg sjølv litt meir lykkeleg.

3. Podkasten Ted & Kaj er det beste eg har oppdaga denne våren. To finlandssvenske kompisar som pratar om stort og smått og ler av kvarandre. Kaj stammar og er homo, akkurat nok annleis til at ein både kjenner seg att og tek avstand. Ted er skjeggete småbarnsfar, men minoritetsspråkleg komikar. Overraskande bra. Også etter at kuriosagleda har gitt seg.

Synnøve Marie Sætre tilrår folk å gå på Fres festival i sommar, og lese nokre noveller av Gunnhild Øyehaug i sommarvarmen. Foto: Norsk Målungdom.

Lær litt mellom skippertaka

Synnøve Marie Sætre gjekk nyleg av som leiar i Målungdomen, og byrjar snart i jobb på Ivar Aasen-tunet som formidlar. Ho kjem med desse tipsa:

1. Knutar av Gunnhild Øyehaug. Novellesamlingar er fin sumarlektyre. Då kan du ete is eller ta ein dukkert mellom slaga. Eller få lese ei heil novelle i pausen på sumarjobben din og føle at du har nytta pausen på ein god måte. Og det er alltid kjekt å lese Gunnhild Øyehaug, så når du fyrst er i gang med denne strålande novellesamlinga, kan du like godt pløye gjennom alt ho har skrive. Det vil du ikkje angre på.

2. Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn. Om du er som meg, brukar du kanskje ferien på å slappe av etter eit enormt skippertak. Då kan det kanskje vere eit tips å bruke ferien til å prøve gjere neste skippertak litt meir leveleg. Agnes Ravatn meistrar kunsten å skrive ei slags sjølvhjelpsbok som faktisk er både nyttig og vittig, og om du ikkje har lese denne boka enno, vil eg absolutt rå deg til å gjere det, same kor ubehageleg det kan vere å bli konfrontert med eigne uvanar.

3. Fres festival. Når du fyrst skal på festival, er det jo stas å gå på ein nynorsk festival. Og når du fyrst skal gå på ein nynorsk festival, er det ekstra stas å leggje turen til Fresvik og Fres festival. Trivelegare festival skal du jaggu leite lenge etter.

Anna Dåsnes, Oslo Unge Venstre. Foto: UV

– Ta kontakt med ein gammal kjenning, eller få nye vener

Anna Dåsnes er leiar i Oslo Unge Venstre, og ho kjem med følgjande sommartips:

1. Det ultimate sommertipset er sjølvsagt å delta på Unge Venstres sommarleir. Sol, sommar, politikk og gode vener er min oppskrift på lukke i livet.

2. Blakk, men lyst til å dra på konsert? Ver frivillig på festival! Det er også ein god måte å få nye vener på.

3. Men om du ikkje har lyst på nye vener, kan ein jo alltids ta kontakt med ein gammal kjenning.

4. Og så synest eg alle kan setje av litt tid på å førehandsrøyste eller røyste tidleg til stortingsvalet. Ungdom er altfor dårlige på å bruke røysteretten, så kvifor ikkje gjere det ein dag i ferien du ikkje har noko anna å gjere?

Svein Olav Langåker tilrår å rota rundt i jorda og lesa verdslitteratur.

Verdsklassikarar og grøne fingrar

Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no, har følgjande tre tips til sommaren:

1. Les ein verdsklassikar! Frankenstein blei skrive av Mary Shelley for 200 år sidan, og er i Øystein Vidnes si nye omsetjing framleis spennande og aktuell. Korleis då 18 år gamle Mary Shelley byrja på boka er ekstra historie i seg sjølv. Les om fleire verdsklassikarar på nynorsk her!

2. «All kultur er dyrken, først og fremst av jord», heiter det i den gamle Bondesongen. Å bruka fingrane i jorda er ein fin aktivitet om sommaren. Det er ikkje for seint å dyrka noko enno. Om du ikkje har nokon hageflekk, så kan fint dyrka i potter og mjølkekartongar. Så til dømes reddikfrø i jorda. Om cirka ein månad så har du ferdige reddikar.

3. Om badetemperaturen og sola uteblir, så er det i alle fall godt å vita at vinteren byrjar 17. juli. Då er sesong 7 av Game of Thrones tilbake. Vil dragemora Daenerys Targaryen få Jerntrona? Og korleis går det med Jon Snow og alle dei andre?