Slik var dei fyrste reaksjonane på bruk av nynorskbøker i andre fag. Seinare har det gjeve elevane meirsmak og betre sidemålskarakter.

Medan poltikarar og målrørsle kranglar om læreplanar og eksamen i norskfaget, lærer elevane i Stavanger sidemål i kjemi og samfunnsfag.

LES OGSÅ: – Svekkjer nynorsken utan eigen karakter

– I starten var det utfordrande, men samstundes har dette vore ein spanande måte å lære nynorsk på, seier Martine Johannessen og Anders Steinbakk ved Stavanger Katedralskole. Dei har bokmål som hovudmål, men hadde nynorske lærebøker i samfunnsfag førre skuleår, gjennom eit prosjekt i samarbeid med Nynorsksenteret .

– Eg trur denne måten å lære nynorsk på, burde vore vurdert sterkare på barneskulen og ungdomsskulen. For sidemålsundervisninga byrjar for seint og har for mykje fokus på grammatikk. Ein time i månaden eller ei veke med nynorsk med etterfylgjande grammatikkprøve, gjer at mange ikkje likar faget, forklarar Steinbakk.

Opprør i starten

«Oi, hjelp sidemål», «Eg kan jo ikkje nynorsk» og «alle andre får ha bøker på bokmål», slik skildrar elevane reaksjonane ved skulestart i fjor. Ikkje mange var vande med nynorsk og det var litt opprør i klasseromma.

– Vi vart jo berre kasta inn i det og vart fort vande med det. Den største utfordringa var fagomgrep, som er vanskelege nok på bokmål, fortel Johannessen, og trekkjer fram misferd og brotsverk som døme. Elevane nytta også nynorsk til powerpoint- presentasjonar og innleveringar.

– Det tok litt lenger tid, men tekstane såg bra ut. I løpet av året gjekk eg også opp ein karakter i sidemål, held Johannessen fram.

LES OGSÅ: Vil starta med sidemål frå 2. trinn

Kvardagsleg

Med å jobbe med nynorske tekstar om eit vidt spekter av ting, opplevde elevane at språket vart mindre høgtideleg og meir kvardagsleg.

– Det krev litt meir å ha nynorsk i berre eit fag utanom norsk, så kanskje hadde det vore bra å ha det i eit par fag og slik få språket inn frå litt ulike stader, held elevane fram. Ved skulens oppsummering i slutten av skuleåret, var opprøret mest borte. Ein elev valde nynorsk som hovudmål, og 80 prosent av elevane ville hatt nynorske lærebøker på nytt.

– Dette var ein mykje kjekkare måte å lære på, enn det å pugge grammatikk. For nynorsk er interessant og mange av orda er finare, som til dømes kjensle og kjærleik, avsluttar Martine Johannessen og Anders Steinbakk.

Gratis

– Som nynorskbrukar har eg alltid undervist på språket mitt, fordi eg meiner elevane lærer noko av det. No fekk eg lærebøker på målforma i tilegg, fortel Bente Stausland Skartveit. På Stavanger Katedralskole har det vore brukt nynorske lærebøker i kjemi og i fire samfunnsfagklassar.

– Med dette får elevane nynorsken gratis, som ein naturleg del av eit anna fag. I lesefag som samfunnsfag fungerar det ekstra bra. Samstundes krev prosjektet ein lærar som beherskar nynorsk, og eg trur ikkje alle lærekrefter overalt er like positive, held Stausland Skartveit fram. Ho meiner prosjektet er noko elevane har drege fordel av, til dømes med å gjere nynorsken til ein del av dei og til eit bruksspråk i større grad.

LES OGSÅ: Ho er den einaste nynorsk-eleven i Oslo

Massetilbod

Prosjektet Lærebøker og Læremidlar på nynorsk i andre fag enn norsk vart starta av Nynorsksenteret – Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i 2010 og held fram ut dette skuleåret. I tillegg til Stavanger Katedralskole, har Brandbu Ungdomsskole og Kolvibakken Ungdsomsskole i Ålesund vore med.

– Attendemeldingane har vore gode, både frå elevar og lærarar. For det fyrste syner erfaringane at elevane vert flinkare i nynorsk og at dei får færre fordommar mot faget. For det andre har bruken av nynorskbøker vist seg å vera positivt for forståinga av sjølve faget. Det vert til dømes ein lågare terskel for å spørje om ulike omgrep, seier Torgeir Dimmen, senterleiar for Nynorsksenteret.

Midlane i prosjektet har vorte brukt på innkjøp av ekstra klassesett med lærebøker og til frikjøp av lærarar til slik som planlegging. Per i dag er det ikkje midlar til vidareføring, men dette er likevel eit tiltak senteret ynskjer å satse på.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

– Dette er eit enkelt tiltak, som i prinsippet kan gjerast overalt. Det som trengs er lærarkompetanse- og motivasjon, kanskje mest motivasjon. Vi meiner dette er ein god måte å arbeide med sidemål og ser det gjerne som eit massetilbod, avsluttar Torgeir Dimmen.

Oppdatert: måndag 14. mai 2018 12.14

Kommentarar

ANNONSE