Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 02.07.2018 19:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje sett eit tungekart som visar kor tunga vår kan kjenne dei ulike smakane. På tungespissen kan smakslaukane fange opp smaken av søtt, og på kantane smakar vi surt og salt. Heilt bak på tunga kan vi kjenne bitre smakar.

Men visste du at tungekartet er ei myte? Faktisk kan dei rundt 8000 smakslaukane vi har på tunga fange opp alle smaksnyansane. Kvar smaksløk har frå 50 til 100 mottakarar stilt inn på kvar kategori, med ein lik mottakar i hjernen som mottar smakssignala.

Mistolka graf

Teorien om tungekartet kjem frå den tyske forskaren D.P. Hänig. I 1901 publiserte han ein artikkel kor han la fram resultatet frå forskinga si på smak. Han draup stimulerande væske tilsvarande salt, søt, sur og bitter smak langs kanten på tunga til forsøkspersonane.

Resultata viste at ulike delar av tunga faktisk fangar opp visse smakar lettare enn andre – men skilnadane er så små at det er vanskeleg, om ikkje umogleg for menneske å oppfatte.

Problemet ligg i framsyninga av resultatet. I forskingsartikkelen sin la Hänig ved ein graf som viste dei relative endringane i sensitivitet for kvar smak frå eit punkt til det neste.

Framsyninga fekk det til å sjå ut som om ulike stader på tunga fanga opp ulike smakar, i staden for å vise at nokre delar av tunga er litt meir sensitive enn andre.

På 1940-talet laga professor i psykologi ved Harvard-universitetet, Edwin G Boring, ein ny visuell versjon av Hänigs graf; det kjende tungekartet vi framleis lærar om i dag.

Professor Edwin G. Boring. Bilete er tatt i 1961.

Professor Edwin G. Boring. Bilete er tatt i 1961. Foto: Wikimedia Commons

Smaksmottakarar over heile tunga

Sidan tungekarta blei teikna, har forskarar peika på fleire feil med teorien. Molekylær-biologar har dei siste åra klart å identifisere protein som svarar på stimuli og sender signalet vidare til ei reseptornerve. Reseptor-nervar som ligg på tunga er avgjerande for å kunne smake. Vi veit no at alt som vi oppfattar som søtt, kan aktivere den same reseptoren. Og det same gjeld dei andre smakane; alt som smaker bittert, surt eller salt aktiverer heilt andre reseptorar.

Viss ein skal følgje teorien om tungekartet, ville ein tru at dei reseptorane som reagerer på søtt er å finne på tungespissen, medan dei som svarar til bitter smak ligg bak.

Men slik er det ikkje; kvar type reseptor finst over alle områda i munnen som oppfattar smak.

«Alle» kan tungekart-teorien

Til trass for at forskings provar mot tungekart-teorien, har den etablert sin plass i både den allmenne kunnskapen og på skulen.

Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo er ein av dei som bruker tungekart-teorien. I eit forslag til forsøk og praktisk arbeid i skulen, oppfordrar dei elevane til å smake på blant anna sukker, salt og kakao og teikne på ein teikning av tunga kor dei kan kjenne smakane. Resultatet vil variere frå person til person fordi vi har ulike tunger, blir det forklart i oppgåveteksten.

– Denne aktiviteten hadde nok som utgangspunkt å korrigere myten om at det finst eit felles smakskart for tunga, seier Øystein Sørborg i Naturfagsenteret. Han viser til at nokon punkt på tunga er meir sensitiv for nokon smakar.

– Men denne følsemda er truleg ikkje stor nok til at vi registrerer smak ulikt på ulike område, og aktiviteten blir difor misvisande. I tillegg ser vi at det er faglege feil i forklaringa. Vi vel derfor å ta bort aktiviteten frå nettstaden vår, seier han, etter å ha blitt konfrontert med spørsmål frå Framtida.no.