Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her må du bestå verdas vanskelegaste eksamen for å kunne køyre taxi

Kunnskapen, med stor K.

Det er det dei kallar studieløpet drosjesjåførar i London må bestå for å bli sertifisert sjåfør av dei svarte, karakteristiske drosjane i London.

I løpet av to til fire år, må dei komande sjåførane pugge 320 køyreruter, 25.000 gatenamn og 20.000 landemerker.

– Du må kunne kvar einaste plass ein passasjer kan be om å bli tatt til, står det i handboka til sjåførane.

Sjåførane skildrar Kunnskapen som om å få eit heilt atlas implantert inn i hjernen.

– Det er som om du på ein eller anna måte har laga nok plass i hjernen til å lagre ein programvare, fortel ein drosjesjåfør til National Geographic.

Sjølv om det sjølvsagt er fysisk umogleg å installere eit kart inn i hjernen vår, har forskarar funne ut at Kunnskapen faktisk gir fysiske endringar på hjernen.

Plastikkhjerne

Tidlegare forsking har vist at deler av hippocampus, ein liten struktur i hjernen som har funksjoner knyta til hukommelse og orientering i rom, var større hjå drosjesjåførar i London enn hjå ein gjennomsnittleg person.

I 2011 ville forskarar ved University College London finne ut om desse endringane skjedde under den intensive pugginga før førarane begynte å jobbe, eller om det utvikla seg etter kvart som sjåføren begynte å køyre passasjerar rundt i London.

79 studentar fekk sine hjernar skanna før dei starta med Kunnskapen, og så undervegs i studieløpet. Bileta blei så samanlikna med skanningar frå menneskje som ikkje er sjåførar i London. Og resultatet viste som forventa; årsaka til hippocampus voksande storleik var studeringa av Kunnskapen.

Dei raude felta viser hippocampus.

Dei raude felta viser hippocampus. Foto: Wikimedia Commons

– Hjernen er som plastikk, også i vaksen alder, sa forskingsleiaren, professor Eleanor Maguire, til BBC.

– Hjernen kan tilpasse seg ny informasjon, noko som er godt nytt for vaksne som vil lære seg noko nytt.

Men forskarane blei også overraska av resultatet. Fordelen med hard pugging av Kunnskapen hadde også ei ulempe.

Dei som ikkje køyrde drosje i metropolen London, var nemleg betre til å utføre andre hukommelse-testar, som til dømes å attgjeve visuell informasjon.

Tolv forsøk før dei består eksamen

Det er ikkje utan grunn at Kunnskapen blir kalla den vanskelegaste eksamenen i verda. Under opplæringa får studentane utdelt ei handbok som inneheld dei 320 rutene som skal lærast utanåt.

Studentane køyrer desse rutene om og om igjen på små motorsyklar. Dei finn dei kjappaste vegane på ulike tidar og døgnet. I tillegg observerer og memorerer dei bygningar, restaurantar eller butikkar langs ruta.

I gjennomsnitt bruker sjåførane 12 forsøk på den endelege eksamenen før dei klarer å bestå.

Under avgangseksamenen må den komande sjåføren attgje den kjappaste ruta mellom to punkt som blir gitt av ein sensor. Punkta som blir gitt kan vere namnet på ein restaurant, ein butikk eller andre landemerke – store som små.

Til dømes blei ein sjåfør spurt om lokasjonen til ei statue som var rundt 30 centimeter høg og viste to mus som åt ein ostebit.

Under eksamenen må studenten namngi namna på alle gatene han eller ho ville ha køyrt, vegkryssa og rundkøyringane dei vil møte på, når dei svingar av vegen, og kva dei køyrer fordi langs ruta.

Alt dette, utan å bruke kart.

Dette er berre noko av det drosjesjåførar i London må lære seg utanatt.

Dette er berre noko av det drosjesjåførar i London må lære seg utanatt. Foto: Matt Biddulph/Flickr

Har ein pris

Mange sjåførar øver på gate- og stadsnamn på nattestid, når det er mindre bilar på vegen.

Ein kveld Matt McCabe var ute å køyrte på nattestid, blei han påkøyrd bakfrå. McCabe blei kasta over taket til bilen, men kom ut av det med berre nokre skrammer.

– Sjåføren kom rundt eit hjørne og trefte meg. Sykkelen blei heilt knust, fortel han til New York Times.

– Det skjedde på ei gate kalt Pound Lane, rett overfor brannstasjonen på Harlesden Road, legg han til.