Matteforskar Fredrik Meyer treng berre penn og papir. Og hovudet sitt.

mm
Faktaboks

Namn: Fredrik Meyer

Stilling: Stipendiat i matematikk, Universitetet i Oslo

Forskingsprosjekt: Algebraisk geometri

Dings: Hjernen

LES FAKTALUKK FAKTA

– For ein matematikar er ein smultring og ein kaffekopp heilt like, forklarar Fredrik Meyer, stipendiat ved Universitetet i Oslo.

Framtida.no besøker han på Matematisk institutt på Blindern.

Meyer viser fram ein illustrasjon på likskapen mellom dei to objekta, ein klassisk mattevits som sirkulerer i miljøet.

– I prinsippet er det berre eitt hol i både kaffekoppen og i smultringen, dei er såkalla topologiske ekvivalentar, smiler han.

(Gif frå Wikimedia Commons, her)

Korleis ser verda ut?
Meyer forskar innan algebraisk geometri, eit fagområde som handlar om å bruke matematiske formlar for å beskrive korleis mangedimensjonale figurar ser ut.

– Vi menneske kan lett sjå føre oss geometriske former, slik som sirklar og kuler. Språket og reglane i algebraen gir oss ein svært presis måte å beskrive dei geometriske objekta på, forklarar han.

I motsetning til enkle objekt, slik som ein sirkel eller ei kule, arbeider Meyer med geometriske former som er langt meir kompliserte.

– Ein sirkel har til dømes ei likning med to variablar (x og y). Eg arbeider med geometriske former som har 18 likninger med 12 ulike variablar, forklarar han.

MangedimensjonaleObjektFredrikMeyerWeb
Dette er nokre av dei enkle figurane matteforskarar arbeider med. Foto: Wikimedia Commons

LES OGSÅ: Simen har ein mikrobølgjeomn på kjemilabben

– Ville tilstandar
– I fleire dimensjonar vert det heilt ville tilstandar, utbryt han.

Ein del av arbeidet hans er å beskrive og kartlegge kva som gjer dei mangedimensjonale formene spesielle. I tillegg tar han i bruk reglane for algebra for å justere formlane. Då endrar den geometriske forma seg.

– Det oppstår ein slags krangel mellom dei ulike delane av matten. Formelen vert styggare når forma vert finare, og motsett, forklarar han.

Sjakkspel
Matematisk forsking inneber (slik som all naturvitskapleg forsking) ein heil del kartlegging, eksperimentering, prøving og feiling. Resultatet er som oftast skildringar eller reglar som er generelle og overførbare til andre system i naturen.

– Idealet for oss matematikarar er eit teoretisk bevis for ein gitt påstand, seier Meyer.

Ein påstand kan til dømes vere ein gitt posisjon av brikkene på eit sjakkbrett.

– Eit matematisk bevis vil då vere å vise korleis ein kjem fram til det gitte oppsettet i eit slag sjakk, forklarar han.

FredrikMeyerTavleWeb
Ein doktorgrad i matematikk krev mykje tankearbeid. Foto: Åsmund H. Eikenes

I løpet av ein arbeidsdag tek Meyer i bruk datamaskina sin store kapasitet til å rekne på vanskelege og komplekse formlar, men han innrømmer at idealet er å få det til med berre intuisjon og kløkt, utan hjelp frå PCen.

– Det er hjernen som er mitt viktigaste verktøy, konkluderer han.

LES OGSÅ: Hunden Wilma er Kristin sitt viktigaste verktøy

Møt fleire forskarar og dingsane deira

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE