Uber vil lansere flygande drosjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planane kom fram under konferansen Uber Elevate Summit, som går føre seg i Dallas i USA. Produktsjef i Uber, Jeff Holden, avslørte at selskapet arbeider med å få taxitenester over bakken.

Uber har innleidd samarbeid med fleire eigedomsutviklarar i Dubai og i Dallas-Forth Worth-området, der lanseringa er venta å skje i 2020, ifølgje E24.no. Planen er å byggje fleire landingsplattformer der dei flygande bilane kan parkere og lette frå.

LES OGSÅ: Snart kan du kjøpa flygande bilar

Teknologien som skal brukast er VTOL-teknologi, ein avansert teknologi som gjer det mogleg med fartøy som tek av og landar vertikalt.

– Bymessig luftfart er eit naturleg neste skritt for Uber. Vi jobbar med at «trykk på ein knapp, få ei levering» skal bli ein realitet, har Holden uttalt.

Dei nye bilane skal vere ein del av den «urbane transporten i framtida»: Ved å løfte transporten over bakken skal det forbetre rørslene i bybiletet, og redusere både pendlartid og rushtrafikk.

LES OGSÅ: Skal den sjølvstyrande bilen velje å ofre passasjerane eller drepe tilfeldige fotgjengarar?