Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høg temperatur under møtet mellom EU og Facebook-sjefen

– Også bankane sa under finanskrisa at dei kunne regulere seg sjølve, noko dei sjølvsagt ikkje gjorde.

Det sa fraksjonsleiar for dei liberale i EU-parlamentet Guy Verhofstadt, tydeleg irritert over framferda til Facebook og mangel på regulering av internettgiganten.

Stemninga var generelt amper og det hagla kritiske spørsmål frå EU-representantane under utspørjinga av Facebook-sjef Mark Zuckerberg tysdag.

Verhofstadt held fram med å visa til at Zuckerberg har beklaga seg rundt 15-16 gonger i løpet av det siste tiåret. Kvart år er det ein eller annan feil eller mistak.

– Er du verkeleg i stand til å fikse det, ville den liberale belgiaren vita.

Det meste sto i sterk kontrast til høyringa i den amerikanske kongressen. I staden for ti timar utspørring med spørsmål frå representantar som i varierande grad forstod kva internett var for noko, var høyringa i går avgrensa til halvannan time.

Berre nokre få utvalde representantar fekk høve til å stilla spørsmål til Facebook-sjefen.

– Er dette berre toppen av isfjellet?

– Er Cambridge Analytica-saka ei isolert hending, eller er dette berre toppen av isfjellet, kravde sjef for den konservative fraksjonen Manfred Weber svar på.

– Kan du garantere at du ikkje vil samle inn, bruke og selge data til tredjepartar utan tilstrekkeleg samtykke, spurde Udo Bullmann frå sosialdemokratane.

Er Cambridge Analytica-saka ei isolert hending, eller er dette berre toppen av isfjellet?

Philippe Lamberts frå den grøne fraksjonen ville ha garantiar på at alle falske kontoar som står att blir sletta før kvartalet er omme.

I tillegg blei Facebook-sjefen spurd om han meiner at mediet er i ein monopolsituasjon, og om han ville vurdera å dela opp selskapet. Andre ville vita om det for brukarar i framtida vil bli mogleg å melda seg av målretta annonsering.

– Det heile var ein farse

I slutten av møtet var det sett av 15 minutt til Zuckerberg for å svara på alle spørsmåla. Han viste til at Facebook jobbar med å etterforske tusenvis av appar, og at det kjem til å ta mange månadar før heile omfanget av datalekkasjen er klar.

Omlag 200 nye appar er alt peika ut som moglege misbrukarar av persondata.

Zuckerberg bekrefta dessutan at konsernet jobbar med å innretta seg etter EUs nye personvernforordning, som vil gi brukarar mykje betre kontroll over kva som blir samla inn av data, korleis den blir handsama og lovfesta rett til å «bli gløymd».

Sjå heile utspørringa her.

Ei rekke meir ubehagelege spørsmål unngjekk Facebook-sjefen glatt å svara på, men lova å «svare i skriftleg form seinare». Det har vekt harme.

«Det heile var ein farse», skriv tyske die Zeit om møtet. Ikkje på grunn av politikarane, men snarare fordi formatet ikkje fungerte. I ein kommentar i Süddeutsche Zeitung heiter det at formatet ein nytta «forhindrar ekte demokratisk kontroll».

Med 15 minutt til fri disposisjon, kunne Zuckerberg levera ein PR-tale full av tomme fraser, held kommentaren fram.

– Alt var berre «blablabla»

Inntrykket ein sit igjen med er utvilsamt at Facebook får større problem med å overtyda Europa enn USA. Fleire av EU-representantane var synleg irriterte over svara, eller snarare mangelen på svar, frå Facebook-sjefen.

– Alt var berre «blablabla», kunne ein høyre Guy Verhofstadt utbryta idet sesjonen var over.

– Eg stilte han seks ja eller nei-spørsmål, og har ikkje fått eit einaste svar, klaga sjefen for den grøne fraksjonen Philippe Lamberts.

Under kan du sjå ei kort oppsummering av utspørjinga.

https://www.facebook.com/europeanparliament/videos/10160652937015107/