Fem tips for å ikkje bli misbrukt av Facebook

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Datatilsynet ser på dette som svært alvorleg. Informasjonen skal ha blitt brukt til å lage algoritmar som kan målrette politisk reklame mot amerikanske veljarar, seier Janne Stang Dahl, kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet.

Sjå fem tips for å unngå å bli brukt nedst i saka.

Cambridge Analytica, selskapet som har henta ut informasjonen frå Facebook, skal altså ha brukt informasjonen til å påverke president-valet i USA.

Selskapet har samarbeidd med Dondald Trump sin kampanje.

– Dei har brukt personopplysningar for å rette ein politisk bodskap dit han treffer aller mest. Det er manipulering av velgarar, og det er ikkje å respektere brukarane og veljarane sitt personvern, seier Dahl.

Under etterforsking

Janne Stang Dahl er kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet. Foto: Datatilsynet

Cambridge Analytica er no under etterforsking av det britiske datatilsynet. Facebook er under etterforsking av det amerikanske forbrukartilsynet. Dei vil finne ut kva type informasjon som er på avvegar.

– Det kan også sjå ut til at Facebook har mista kontrollen på korleis Cambridge Analytica har tatt over dataa, seier Dahl.

Facebook-brukarane som har fått opplysningane sine misbrukte, har lasta ned ein app og logga inn med Facebook. Dei same rettane kan ein gje vekk ved å logge inn på quizar og liknande.

– 25. mai trer ei ny lov i kraft. Denne lova skjerpar reglane knytt til innsamling og bruk av personopplysningar til målretta reklame. Retningslinjene skal presenterast enkelt, og det skal vere tydeleg kva ein godkjenner. Kvar enkelt skal få rett til å seie nei til å bli profilert.

Likevel er det kanskje ikkje så enkelt å unngå at noko bygger opp informasjon om det.

Likar-klikk er nok

– Det er utruleg kva som kan samlast inn av informasjon. Nettet er ope, ein må derfor vere medviten om at alt ein legg ut kan vere tilgjengeleg for alle. Alle som ser informasjonen kan kopiere han og dele vidare. Slik informasjon, som til dømes likar-klikk, kan brukast på uendeleg med måtar. Informasjonen kan settast saman til profilar om oss. Personopplysningar er den nye kapitalen, seier Dahl.

Sidan skandalen i USA vart avslørt, har ein kampanje som heiter #deletefacebook breidd om seg.

– Bør ein slette Facebook?

– Det har eg ikkje noka meining om, men eg har forståing for at den kampanjen starta opp i USA, etter avsløringa om at 50 millionar brukarar er utnytta, seier Dahl.

Kan skje i Norge

Også i Norge kan det vere lurt å tenke over korleis informasjonen blir brukt. Ein bør også vere kritisk til kva bodskap ein stolar på når ein les på Facebook. Til dømes var partiet Høgre i kontakt med det samme selskapet i fjor, men bestemt seg for å ikkje bruke tenesta.

– Vi ville ikkje samarbeide med dei, fordi vi synest dei gjekk over grensa med tanke på personvern, skriv Thor-Arne Englund, pressekontakt i Høgre si stortingsgruppe, i ein SMS til NRK.

– Det er heilt sikkert andre som også har fått tilbodet. Eg meiner det var veldig klokt av Høgre å takke nei, seier Dahl i Datatilsynet til Framtida.no.

Fem tips for å vere tryggare på sosiale medium

  • Sett deg godt inn korleis ting fungerer.
    • Alle nettsider har ulike reglar for korleis tenesta skal brukast, og korleis informasjonen om deg blir lagra og brukt. Det er derfor lurt å gjere seg kjent med reglane før ein trykker på «aksepter bruksvilkår».
  • Finn ut kven som kan sjå profilen din.
    • Enkelte nettstader vil automatisk gjere informasjonen din tilgjengeleg for alle. Alle som går inn kan, om dei vil, lagre og publisere alt innhald som er lagt ut på profilen din.
  • Still kontrollspørsmål før du publiserer.
    • Kva vil eg tenke om dette om fem år?
    • Kven kan sjå det eg publiserer?
    • Er det mogleg å slette det du publiserer seinare?
  • Ikkje logg på med Facebook over alt.
    • Om du loggar på andre tjenester med Facebook- eller Google-kontoen din, gir du også løyve til at desse tenestene kan hente informasjon frå din profil. I staden kan det vere lurt å bruke litt tid på å lage nytt brukarnamn og passord for kvar teneste.
  • Du kan seie nei til å la nokon bygge opp ein profil om deg.
    • I mai kjem det eit nytt regelverk som gjer at alle som vil samle informasjon om deg og bruke det til reklame, må ha løyve. Det betyr at du kan krysse av for at du ikkje vil dele personopplysningar til slike føremål.

Personvern

Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. På nettsidene DUbestemmer.no og slettmeg.no, får du gode råd om korleis du kan styre informasjonen din og slette brukarkontoar.