Litteraturen banar veg for nynorsken

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag

Vi som står i striden for nynorsken, gratulerer forfattar Jan Inge Sørbø med verket Nynorsk litteraturhistorie som blir lansert måndag. Boka gir eit samla oversyn over litteratur skriven på nynorsk frå Ivar Aasen i 1863 til Carl Frode Tiller og Gunnhild Øyehaug i 2018. Det breie utvalet av forfattarar som har skrive på nynorsk gjennom over 150 år er eit imponerande register over røyster som har definert norsk kultur og verdsforståing. Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas er nokre av klassikarane som alle kjenner til. Men boka trekker også fram ukjende forfattarskap, mange av dei skrivne av kvinner. Dei to første nynorskdiktarane etter Aasen var Bernhardine Catharine Brun og Aasta Hansteen.

«Nynorsk litteraturhistorie» er ein kraftprestasjon frå forfattaren og Det Norske Samlaget. Verket viser kor viktig dikt og prosa har vore for å kjempe fram nynorsk til eit fullverdig skriftspråk i Noreg. Saman med song og musikk har litteraturen bidratt til å gjere nynorsken til hjartespråk for alle i landet, ikkje berre dei 600.000 som skriv nynorsk som daglegspråk.

Professor ved Høgskulen i Volda Jan Inge Sørbø har skrive den nynorske litteraturhistoria til 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget. Foto: Runar B. Mæland

Dessverre finst det ennå redaktørar i riksdekkande media som held seg med utdaterte og umoderne språkhaldningar. Sørbøs litteraturhistoriske verk på nesten 700 sider bør sende dei direkte til skammekroken. Etter 150 år må det vere på tide at nynorskskrivande journalistar får skrive på nynorsk utan at dei møter redaksjonell sensur.

Nyleg er det gjort kjent at Aftenposten arbeider med nye retningslinjer for språkpolitikken deira, leia av redaktør Harald Stanghelle. I omtalen av Nynorsk litteraturhistorie skriv nå meldar Atle Christiansen i Aftenposten følgjande (på nynorsk): «Jan Inge Sørbøs Nynorsk litteraturhistorie er blitt eit tungt argument for meir nynorsk i skulen og dei store riksavisene.» Noregs Mållag kan ikkje vere meir einig og reknar med at dette er eit signal om at nå vil viktige endringar skje.

Om nå også Aftenposten opnar opp slik VG alt har gjort det, er det svært høveleg at det er den kulturelle tyngda frå den nynorske litteraturen som blir avgjerande for å sleppe nynorsken til. Slik byrja det med Ivar Aasens «Mellom bakkar og berg» (Nordmannen) og slik skjer det ennå i praksis når breie lesargrupper i 2018 søker til dei nynorske omsetjingane av Elena Ferrante eller Edvard Hoems utvandringssagaer.

LES OGSÅ: – Ikkje lenger eit forfall å vera urban