Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Einsemda var ei slank, mørk kvinne med lang kjole som var einsfarga kvit og einsfarga mørkeblå. Samtidig. Eg har aldri klart å teikne det der, eller forklare det skikkeleg heller.»

Slik skildrar forfattar Arnhild Lauveng sin visuelle hallusinasjon i biografien I morgen var jeg alltid en løve. I boka skildrar ho fleire sanseforstyrringar ho opplevde i løpet av sin 10 år lange periode med schizofreni. Ho høyrte ulike stemmer, og hadde fleire skremmande visuelle hallusinasjonar, blant anna av krokodiller, rotter og ulver:

«Eg oppdaga at det låg ein ulv på golvet i vogna og gnaga på foten min. Det var ikkje ein majestetisk og flott ulv, men ein skabbete, mager sak med gule tenner og dårleg ande, og den hadde gnaga kjøttet av beina mine så berre dei tørre knoklane var igjen.»

Hallusisjonar kan påverke alle sansane

Ein hallusinasjon er ei sanseoppleving som oppstår utan at sansane faktisk blir utsett for ekstern stimulering. Opplevinga blir difor ikkje delt med andre menneske rundt, men det betyr ikkje at det er mindre verkeleg for den som hallusinerer.

Det er difor vanskeleg for den som hallusinerer å forstå atw desse inntrykka ikkje er ein del av verkelegheita. Ofte kan hallusinasjonar opplevast som skremmande, truande og forvirrande.

Alle tilstander som i alvorleg grad påverkar hjernen funksjonelt eller strukturelt, kan gi hallusinasjonar. Dette inkluderer blant anna demens ved høg alder og Alzheimers sjukdom, samt psykiske lidingar som djup depresjon, psykosar, schizofreni og bipolar liding. Misbruk av alkohol og andre rusmidlar, søvnmangel og høg feber er andre eksemplar som også kan føre til sanseforstyrringar.

Hallusinasjonar kjem i fleire formar og kan påverke alle våre fem sansar, enten isolert eller i ulike kombinasjonar. Den vanlegaste forma for hallusinasjon involverer høyrsla, og kan opplevast som klare ord eller setningar, uforståeleg kviskring, synging eller musikk.

For nokon høyrest det ut som om lydane kjem frå eige hovud eller hjerne, medan andre opplever at lyden kjem frå omgjevnadane, til dømes eit anna rom eller ei antenne.

Høyre stemmer og sjå syner

For fleire psykiske lidingar kan det være typisk å høyre stemmer som kommenterer i tredjeperson, som  «ho et frukost» i staden for «eg et frukost». Stemmane kan også vere nedlatande og kritiserande, som «han får ikkje noko ting til».

Ved schizofreni førekjem ofte kommanderande stemmer som oppfordrar til handling. Sjølv om det er sjeldan, kan dette i verste fall føre til sjølvskading eller skade av andre.

Ein visuell hallusinasjon kan handle om kva som helst, frå fargar og lys til formar og konturar. Det vanlegaste er å sjå menneske eller menneskeliknande figurar, inkludert religiøse skikkelsar.

Eit anna eksempel på ein visuell hallusinasjon som typisk førekjem ved alkoholabstinens, er opplevinga av å sjå små insekt eller dyr som beveger seg raskt og truande på golvet.

Mindre kjente formar for hallusinasjonar

Kanskje mindre kjent er hallusinasjonar som involverer lukt, smak og berøring. Når det gjelder lukt og smak, er det som regel snakk om veldig ubehagelege hallusinasjonar, som bensin, avføring, røyk, roten mat, gift og andre kjemikaliar.

Til dømes kan nokon typar epilepsi føre til at ein kjenner smaken av metall. Kjensla av insekt som kryp under huda er ein typisk hallusinasjon som oppstår ved langvarig kokainmisbruk.

Alice i Eventyrland-syndromet er oppkalla etter Lewis Carols roman frå 1800-talet. Nokon meiner at han skreiv historia basert på eigen erfaring med storleik-hallusinasjonar. Lewis skal nemleg ha hatt migrene.

Alice i Eventyrland-syndromet er oppkalla etter Lewis Carols roman frå 1800-talet. Nokon meiner at han skreiv historia basert på eigen erfaring med storleik-hallusinasjonar. Lewis skal nemleg ha hatt migrene. Foto: Wikimedia commons

Enda sjeldnare er hallusinasjonar som handlar om temperatur, balanse, oppfatning av tid og oppfatning av storleik på omgjevnadar og seg sjølve.

Eit interessant eksempel på dette er «Alice i Eventyrland-syndromet». Dette syndromet er ofte assosiert med migrene eller misbruk av narkotiske stoff. Folk med dette syndromet kan oppleve omgjevnadar eller objekt som unormalt små eller store, eller nærmare eller fjernare enn det dei eigentleg er.

Som ei følge av dette kan ein oppleve at kroppen veks eller krympar samanlikna med omgjevnadane.

Malin Bu er 25 år gammal og kjem frå Stavanger. Ho studerte medisin i Slovakia og jobbar no som fastlege i heimbyen sin.

Kult om kroppen

I denne spalta deler lege Malin Bu Solgård noko av dei mest interessante tinga ho har lært om kropp og helse.