Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilt nyleg ga ein av dei til no lengst pågåande studiane på malaria-vaksine oppløftande resultat – i 2016 er det mogleg at vaksina som heiter RTS,S kan brukast i Afrika, der behovet er størst.

Det kan bety at sjukdommen som tek livet av over 600 000 i året og smittar rundt 200 millionar kanskje kan bekjempast. Det er i så fall ei verdsnyheit – men er det så enkelt? 

LES OGSÅ: Kan ein telefon endre verda?

Den skjulte trussel
Malaria er den farlegaste infeksjonssjukdommen me har – kvart år blir rundt 200 millionar smitta, og over 600 000 døyr, ifølgje World Health Organization (WHO). Born under fem år er dei mest utsette, og sjukdommen spreier seg mest i dei afrikanske områda sør for Sahara. 

Grunnen til at den spreier seg så raskt, er myggen. Eller, Plasmodium-parasitten som blir spreidd via myggbitt.

I søraust-Asia er eit nytt problem på veg. I Kambodsja, Myanmar, Thailand og Vietnam har det dukka opp Plasmodium-parasittar som er resistente mot artemisinin, eit av hovudstoffa i malaria-medisinane me har i dag. 

Dette er ein av grunnane til at arbeidet med ei malaria-vaksine er så komplisert – parasitten, og myggen som spreier den, er så tilpassingsdyktig at den raskt finn måtar å overleva det me kastar mot.

Du kan lesa fleire fakta om malaria på WHO sine sider.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist

Eit nytt håp
RTS,S-vaksina har tidlegare fått mykje merksemd, og lenge har vaksina til selskapet GlaxoSmithKline sett lovande ut.

I ei studie gjort i sju afrikanske land over fleire år har funne ut at vaksina reduserer malaria-smitten med så mykje som 56 prosent hos born i aldersgruppa 5 til 17 månader. I den andre testgruppa, born frå 6 til 12 veker, sank smitten med 31 prosent. Begge tala vart målt eit år uti studien. 

Tala var noko lågare eit halvt år seinare. Då var det 46 prosent færre smitta i den eldre aldersgruppa. Likevel har forskarane bak vaksina god tru på å få vaksina godkjend i Europa til neste år, og klar til bruk der behovet er høgst i 2016.

Om rundt halvparten høyres lite ut, kan det bety mykje meir. Ifølgje BBC vil desse tala føra til at rundt 800 av 1000 born kan unngå sjukdommen.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

Kan bli for dyrt
Jordmor Dina Hovland, styreleiar i Leger Uten Grenser, viser ikkje meir enn forsiktig optimisme rundt dei siste resultata. 

– Får ein ei vaksine som fungerer for born i den alderen, og som er rimeleg, er det ingenting som er bedre for oss.  Dette verkar og meir positivt enn det me har sett før.

Ho fryktar likevel at fleire problem kan dukka opp – problem som er vanlege for vaksiner. 

– Utfordringa me ser med andre vaksiner for til dømes lungebetennelse og diaré er at dei er veldig dyre. Det er alltid ein fare ved slike vaksiner at det blir for dyrt for dei som treng det mest, og så endar det opp som ei ferievaksine for den vestlege verda.

Eit anna problem, legg Hovland til, er at dei aller fleste vaksiner ikkje er ei permanent løysing – ein må ta fleire vaksiner for å få vern. Difor er det viktig at vaksinene er billige slik at ein får tatt alle dei naudsynte dosane. Slik den er no, med kortvarig verknad og høg pris, kan det enda opp som det ho kallar ferievaksine.

LES OGSÅ: Difor jagar flugene deg

I dag er myggnett og gass det mest effektive middelet mot malaria og andre myggborne sjukdommar. Her dampar dei for å bli kvitt myggen som spreier denguefeber. Foto: Colourbox.com

– Tungt å sjå
Dina Hovland fortel at spreiinga av malaria er blant hovudfokusa til Leger Uten Grenser.

– Me har store prosjekt i land som Kongo, der me jobbar mykje med malaria, fordi tala er så høge. Når borna kjem inn med kraftig malaria blir heile kroppen involvert. Dei får anfall, høg feber og heile sirkulasjonssystemet stenger ned. Difor får me ikkje kontakt med dei. Då er det vanskeleg å behandla, og mange døyr. Det er tungt å sjå på at dei kjem inn med noko me kunne gitt medisin for om dei hadde komme før.

LES OGSÅ: Her er dei norske elite-forskarane

Kill 'em all
Men kva om me berre utrydder myggen som spreier malaria? Den mest effektive førebygginga ein har mot malaria i dag er myggnett og myggspray.

Men Malaria er ikkje den einaste sjukdommen myggen spreier – det er mange fleire, og totalt døyr over ein million menneskjer av mygg-borne sjukdommar kvart år.

Så, kvifor ikkje berre ta livet av all myggen? 

Podcasten Radiolab tok føre seg dette spørsmålet i mars, i episoden KILL 'EM ALL– kva ville skjedd om ein utrydda myggen, og er det i det heile mogleg?

Det er faktisk mogleg – i Brasil har dei mygg-fabrikkar, som avlar mygg med eit innebygd «mordar-gen». Genet som er sett inn i myggen får avkomma til å døy umiddelbart. Hos France 24 kan du sjå ein TV-reportasje om mygg-fabrikkane.

Det skal leggast til at målet ikkje er å drepa all myggen i heile verda – det ville sjølvsagt hatt nokre baksider. Men det kan vera meir reelt å fjerna mygg frå enkelte område, til dømes i landsbyar der den ikkje eigentleg høyrer heime.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya

Borna er viktigast
Når born under fem år står for rundt 85 prosent av dødstala av malaria, er det viktig å retta fokus mot nettopp dei. Det er ein av grunnane til at Dina Hovland meiner ei vaksine er viktig, sidan dei vaksne kan ta malariatablettar.

Og når det ser ut til at RTS,S-vaksina rettar seg spesielt mot dei borna som faktisk treng det, blir Hovland reint optimistisk.

– Me er veldig glad for fokuset her – at det handlar om born og dei som treng det mest. Interessa for å forska meir er og til stades, og dei seier sjølv at dei ikkje er ferdige. Med denne vaksina er det vanleg å klappa seg sjølv på skuldra før ein er i mål med arbeidet.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd