Ein eller annan stad er det nokon som øydelegg ozonlaget

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har målt atmosfæren i 27 år, og dette er det mest overraskande eg har sett, seier Stephen Montzka til The Guardian.

Steven Montzka, professor ved University of Colorado. Foto: University of Colorado

Han jobbar ved US National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) i Colorado. Der er jobben hans å overvake kva kjemikal som finst i atmosfæren. No forsøker han å finne ut kvifor det plutsleg har begynt å bli meir av gassen CFC-11.

– Må vere ny produksjon

På 1980-talet vart det oppdaga eit stort hol i ozonlaget over Antarktis. Laget beskyttar oss mot farleg UV-stråling frå sola, og det vart sett i gang ein stor prosess som enda med Montrealavtalen i 1987.

I 1989 tredde avtalen i kraft. Ny produksjon av kjemikalet CFC-11, som mellom anna vart brukt i sprayboksar og bygningsmaterialar, vart forbydd. I 2013 snudde den positive utviklinga brått. Reduksjonen i utslepp av CFC-11, vart mindre.

Forskarane har undersøkt ei rekke faktorar som kan påverke nivået av ozon-gassen. Mellom anna har det vore eit jamnt utslepp frå bygningsmaterialar som blir brotne ned. Ifølge Montzka er det er ikkje registrert nokon auke i rivingsarbeid som kan forklare auken av kjemikalet i atmosfæren.

Dei meiner også det er utelukka at CFC-11 kan vere produsert som eit biprodukt i produksjon av andre kjemikal. Til det er mengda for stor. Endringar i korleis atmosfæren bryt ned gassen, skal heller ikkje kunne vere årsaka.

– Vi står att med at, jøss, det ser verkeleg ut som nokon lagar ny gass, seier Montzka til The Guardian. Han kommenterer også at det kjemikalet som erstattar CFC-11 er dyrare å produsere.

Kjem frå Asia

Til no har dei klart å spore gassen til ein stad i aust i Asia, men dei treng meir tid til å finne ut nøyaktig kvar.

Erik Solheim, leiar for UNEP, er uroa over utsleppa av CFC-11. Foto: UNIDO/Flickr/CC-lisens.

– Om utsleppa held fram i same styrke, kan dei forseinke reparasjonena av ozonlaget. Det er derfor kritisk at vi identifiserer årsaka til utsleppa og tar nødvendige grep, seier Erik Solheim, leiar for FNs miljøprogram.

Montzka deler den oppfatninga. Forsvinn utsleppa med ein gong, blir effekten minimal. Om ikkje kan utsleppa forseinke reparasjonen av ozonlaget med ti år. Held utsleppa fram med å auke, kan det gå enda lenger tid.