Sentralbanksjefen sender milliardar i kverna

Noregs Bank byter i desse dagar ut 100- og 200-kronesetlane, og sentralbanksjef Øystein Olsen tek sjølv i eit tak når gamle setlar skal makulerast. 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her kastar han 200-setlane i kverna

– For snart eitt år sidan innførte vi nye 100- og 200-kronesetlar. Som ein konsekvens av det må vi inndra dei gamle setlane. Dei gamle setlane blir destruerte i denne maskina og gjort om til papir, seier sentralbanksjef Øystein Olsen til NTB.

Destruksjonen av setlane går føre seg djupt under bakken på sikkert område hos Noregs Bank i Oslo. Berre i dei små hyllene som står på golvet når NTB er på besøk, er det setlar med ein verdi på fleire titals millionar kroner.

I kvar bunt som blir mata inn i makuleringsmaskina, er det 500 setlar. Dei blir først grovkutta og skorne opp, før dei blir finkverna til små bitar av papir. Berre fargetonane i blått og raudt er att i bøtta med dei små papirbitane etterpå.

50 millionar setlar

Totalt skal 50 millionar setlar, til ein samla verdi på 8 milliardar kroner, makulerast. 18 millionar setlar er framleis ikkje komne inn, men Noregs Bank trur mange vil koma inn dei nærmaste dagane.

– Etter 30. mai er dei gamle setlane ikkje lenger gyldige betalingsmiddel, seier Olsen, som difor sterkt oppmodar folk til å levera inn gamle setlar.

Sentralbanksjefen har likevel ei roande melding til dei som måtte finna gamle setlar på sparegrisen etter denne datoen.

– Alt håp er ikkje ute. Pengane er ikkje tapt, fordi Noregs Bank har sett ein tiårsfrist. I ti nye år er det mogleg å ta kontakt med Noregs Bank viss ein har gamle 100- og 200-kronesetlar.

Ny serie

Nye 100- og 200-kronesetlar er ein del av arbeidet med å byta ut heile setelserien. Til hausten kjem det nye 50- og 500-kronesetlar, mens det kjem ny 1000-kronesetel i 2019.

– Bakgrunnen for at vi byter setlar, er tryggleiken for at dette skal vera eit truverdig betalingsmiddel som ikkje kan forfalskast, seier Olsen.

Sist gong setelserien blei bytt ut, var rundt 2000-talet. Sidan den første norske setelrekkja kom i 1875, har serien berre blitt bytt ut nokre få gonger, som oftast med 15–20 års mellomrom.

Sjølv om betalingskort og nye nettbaserte tenester gjer at mange nordmenn meir eller mindre har slutta å betala med kontantar, trur ikkje sentralbanksjefen at klassiske pengesetlar vil forsvinna på lang, lang tid.

– Det er ingen teikn til at kontantar skal bli borte. Noregs Bank oppmodar til at kontantar skal vera tilgjengeleg som eit alternativ til kort og Vipps og kva det måtte vera, seier Olsen.