Rekordstor ulvebestand i vinter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den norske bestanden av ynglande stasjonære ulvar og kvelpekull har hatt ein meir markert vekst dei siste tre åra enn tidlegare, seier Jonas Kindberg i Rovdata.

Ulveforskarane registrerte åtte heilnorske ulvekull og fem i grenserevir. Når kulla i grenserevira blir talde som halve, slik dei skal etter reglane, var det samla talet på kvelpekull 10,5, som er 3 fleire enn i 2016. Bestandsmålet Stortinget har vedtatt, er på fire–seks kvelpekull. Av dei skal minst tre vere heilnorske.

Fleire felte dyr

Av dei totalt 104 ulvane som vart registrerte i Noreg, var 70 å rekne som heilnorske, mens 34 heldt til i grenserevir. Ytterlegare 11 ulvar vart registrerte i grenserevir på svensk side.

Mens bestanden var rekordstor, har det heller aldri vore felt så mange ulvar i lisensjakt som i vinter. 27 av dei 70 heilnorske ulvane vart avliva på lovleg vis, 24 i lisensjakt, mens 1 ulv har døydd av andre årsaker, viser rapporten som Høgskulen i Innlandet har laga på oppdrag frå Rovdata.

Dermed er det no litt færre heilnorske ulvar i landet enn det var på same tid i fjor, 87–88 i år, mot 89–95 i fjor.

Éin utanfor ulvesona

Berre éin ulv har vorte registrert utanfor ulvesona i Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold. Forskarane meiner denne ulven har halde til i eit område på grensa mellom Oppland og Hedmark heilt sidan i fjor sommar til han vart skoten i mars i år.

– Med andre ord var ulven i vinter konsentrert til ein avgrensa del av Noreg, og cirka 90 prosent av landarealet i Noreg var i praksis utan ulv, seier prosjektleiar Petter Wabakken ved Høgskulen i Innlandet.

Den endelege statusrapporten om ulvebestanden i Noreg og Sverige vinteren 2017–2018 skal vere klar 1. juni.