Grøn Ungdom er nøgd med narkotikavedtak

MDG vil vurdere narkotikasal over disk og vil gjere naturen vill igjen. Ola Eian i Grøn Ungdom oppsummerer landsmøtet i Miljøpartiet.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDG vil gjere bymarka villare og vurdere narkotikasal over disk

– Vi er veldig nøgde. No er Miljøpartiet dei Grøne det einaste partiet som vil gjere rusreforma til noko som vil hjelpe brukarane, seier Ola Eian, talsperson i Grøn Ungdom.

Ungdomspartiet fekk med seg vaksenpartiet på å greie ut legalisering og regulert sal av alle narkotiske stoff. Grøn Ungdom meiner legalisering og strengt regulert sal vil kunne betre situasjonen for dei som likevel brukar rusmiddel, samtidig som ein kan ta knekken på finansieringskjelda til organisert kriminalitet.

Skal presse Venstre

– Eigentleg ønskte vi å vere endå sprekare, og slå fast at vi vil ha legalisering, men dei vaksne vil ha ei utgreiing først, og det meiner jo vi også at må til.

Eian håpar MDG kan klare å legge press på Venstre, som han meiner eigentleg er samde med MDG, men som har moderert seg noko den siste tida. Målet er at regjeringa endrar mandatet til arbeidsgruppa som ser på reaksjonar mot personar som blir tatt for å ha og for å bruke narkotika. Dei må også sjå på avkriminalisering og regulering.

– Om Venstre merkar at fleire tar eigarskap til saka, og snakkar om faktabasert og nødvendig ruspolitikk, så blir det vanskeleg for regjeringa å ikkje ta grep, seier han.

Skal gjere bymarka villare

Eit anna vedtak Eian er glad for, er at det no ikkje skal vere nok å verne natur. MDG vil også reparere og gjenskape vill natur.

– Vi har allereie tapt og mista mykje norsk natur. Vern er ikkje tilstrekkeleg for å ta vare på artar og sikre opplevingar i villmark. Vi vil derfor ha politikk for «rewilding» av eksisterande natur, seier han.

I resolusjonen står det mellom anna at det må lagast ein «plan for storskala restaurering av villare natur, intakte økosystem og større opplevingsmoglegheiter i norsk natur». Bymarka kring Oslo blir nemnt konkret som eit område som bør gjerast villare.

– I framtida meiner vi at om du øydelegg skog eller eit våtmarksområde, så må ein bygge opp eller restaurere eit tilsvarande område, seier Eian.

Vil forby plast

Til slutt nemner Eian vedtak om å forby eingongsartiklar laga i plast. Det betyr at eingongsbestikk, små plastposar, q-tips og andre produkt må lagast i andre materialar.

– Produkt som er laga for å vare veldig kort tid, bør ikkje lagast i plast som varer veldig lenge. Alle som har plukka plast på ei strand den siste tida har sikkert finne blå q-tips. Og dei som har plukka i grøfter og gatekantar har truleg funne både bestikk og emaballasje frå gatekjøkken. Slikt kan lagast i tre, papp og til og med etande materiale, seier Eian.