Éin einaste ulv drap 225

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt 780 sau var påvist tatt av rovvilt per 1. august i år, viser statistikken frå direktoratet. Dette gjeld kadaver eller skadar som er melde inn til Statens naturoppsyn (SNO) og som er kontrollerte av oppsynet.

LES OGSÅ: Forsvarar ulvefreding

Ulveskadane har auka, mens talet enten har gått ned eller er stabilt for bjørn, jerv, gaupe og kongeørn. Også totalt har det vore ein auke i tapa samanlikna med same periode i fjor, men likevel er tapstala lågare enn dei siste tolv åra, opplyser direktoratet.

Vanskeleg å gardere seg

Ulv står for 379 av dei registrerte skadane, og av desse er 225 skadar knytte til éin enkelt ulv med tilhald i området rundt Hadeland/Toten. Ifølgje direktoratet dreidde dette seg om ein ungulv som hadde tatt seg over grensa frå Sverige, og som har måtta bøte med livet.

– At streifdyr gjer skade er vanskeleg å gardere seg mot. Ulv kan vandre langt, og når sauen blir sleppt på beite, veit vi ikkje kvar potensielle skadevaldarar kan dukke opp, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

LES OGSÅ: – Vi ønskjer ulven dit peparen gror

Bjørn

Tapa til bjørn har vore historisk låge dei siste fire åra, og så langt i år har dei halde fram å gå ned samanlikna med fjoråret, mens tapte sauer til jerv hittil i år er det lågaste sidan SNO overtok registreringa i 2002. Men her må det takast omsyn til at 80 prosent av dokumenterte jervetap ikkje blir registrerte før etter 1. august.

Den endelege oversikta er klar i slutten av desember. Då har fylkesmennene behandla søknadar om erstatning for rovvilttap.

LES OGSÅ: Har funne over 100 ulvar i Noreg