«Vêret er feil, noko må gjerast»

Stig Magne Solstad, Psykolog og Ph.D-stipendiat ved Psykiatrisk Klinikk, Helse Førde
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg tar vêret personleg. Når det er for varmt eller for kaldt, for tørt eller for vått, så opplever eg det som urettferdig. Eg blir fornærma. Spesielt viss vêret ikkje samsvarar med årstida. Eller med vêrmeldinga. Når eg står opp ein morgon i april og innser at eg må koste snø, skrape is og køyre på snøføre med sommardekk, så blir eg forbanna. Då treng eg å legge skulda på nokon. Halde dei ansvarleg. Få dei til å forstå at eg ikkje kan ha det slik, og at dette er noko eg ikkje aksepterar.

Stig Magne Solstad er psykolog i spesialisering og doktorgradsstipendiat.

Men så går det ikkje.

Sterke følelsar

Følelsar er kjenneteikna av at dei skapar motivasjon. Gjennom menneskets utvikling har følelsar vore heilt nødvendige for å overleve, fordi dei fortel oss kva som er bra og dårleg for oss. Me unngår ting som skapar negative følelsar, og oppsøker ting som skapar positive følelsar. Når eg får sterke følelsar får eg dermed også eit sterkt behov for å gjere noko med dei. Helst fjerne årsaka.

Eg kan ikkje fjerne vêret. Eg kan prøve å flykte, men tidleg på morgonen i april slepp eg ikkje unna. Det nest beste blir då å rette følelsane mot noko, aller helst nokon. Eg kan forsøke å klandre ei guddommeleg eller kosmisk kraft, men då får eg sannsynlegvis ingen respons.

Eg greier heller ikkje tru at ei slik kraft lar seg true eller påverke av ein sint ung mann frå Indre Sogn, som ikkje har større utfordringar i livet enn vêr og føre. Eg kan tenke i retning av global oppvarming og menneskeleg innverknad på klimaet, men heller ikkje dette gjev tilfredsstilling. For eg er jo ein del av menneskeheita, og såleis medansvarleg. Eg toler ikkje skam og dårleg samvit i tillegg til alt det andre som føregår inni meg. Men, eg er ikkje meteorolog, og det kan eg utnytte.

Ubrukeleg nødløysing

Meteorologar er synlege i media og gjev tydelege, sjølvsikre spådommar om framtida. Då kjennest det også rett å halde dei ansvarleg for at vêret blir feil. Den psykologiske nødløysinga blir å rette sinnet mot meteorologar og deira fagfelt. Snakke dei ned, påpeike korleis meldingane spriker mellom meldarane, og understreke kor lite eg stolar på dei. Eg kan også ta det ut på menneske i omgivnadane – vere sur og grinete generelt. Følelsane får utløp ved å omdannast til forakt og sarkasme.

MEIR REGN: Den neste 100-årsperioden er det venta at nedbøren i Noreg vil auke med 20 prosent. FOTO: Wikimedia Commons

Men dette er ei nødløysing og fungerer berre ei lita stund. For eg trur jo eigentleg dei fleste meteorologar gjer så godt dei kan. Viss ein ynskjer å vere jævlig mot andre menneske, kan ein gjere det mykje fortare og enklare enn å lure meg til å byte dekk på bilen for tidleg. Og eg trur uansett ikkje meteorologar kan bestemme at det skal snø i Førde i april. Eller andre plassar.

Logikken bak nødløysinga er feil, og så fort eg innser det blir den ubrukeleg. Det å vere sint på meteorologar og andre menneske er dessutan slitsomt i lengda. Å vere hatefull og negativ krev energi, sjølv om det kjennest som det kjem automatisk og utan anstrengelse.

Handtere indre og ytre forhold

Når eg tenker fornuftig om korleis eg skal forhalde meg til vêret finn eg andre løysingar. Eg er ein vaksen, sjølvstendig person, og bør ha klede og utstyr til å takle alle typar vêr. Viss eg skal gjere noko som vêret kan ha stor innverknad på, bør eg lese fleire vêrmeldingar, førebu meg på den verste og eventuelt bli positivt overraska. Ha alternative planar dersom uventa vêr skulle oppstå.

Men, det viktigaste er kanskje å jobbe med mine eigne tankar og følelsar. Ikkje forvente at vêret skal bli slik eg håpar, men akseptere at det stadig vil overraske meg, både på godt og vondt. Å tole å bli sint og skuffa utan å ta det ut på nokon. Som regel er det meir hjelpsomt å anerkjenne at «no er eg sint på grunn av vêret, og det kjem eg til å vere ei stund, men så går det over, og ein dag blir det sol igjen». For det er ikkje farleg å vere sint, eller ha andre følelsar. Dei går over, viss ein greier å sitje med dei.

Kan trene på tolmod

Dei fleste følelsar vil, dersom dei ikkje blir forstyrra, nå eit toppunkt, flate ut, og gå over. Å kjempe mot dei eller prøve å få dei vekk, gjer som regel at dei vender tilbake sterkare, når ein sjølv er svakare. Slike kampar blir slitsomme i lengda. Å bli sint på meteorologar eller andre menneske er enkelt og midlertidig tilfredsstillande, men lite hensiktsmessig. Å tole følelsar er meir komplisert. Det krever tålmod og trening. Men på sikt blir livet enklare.

Når eg kostar snø av ein bil i april, i blaute sko og tynn jakke, er det vanskeleg å drive god emosjonsregulering. Det er heller ikkje då eg gjer det. Når eg har tørka, roa meg ned og ser ting litt klarare, kan eg forsøke. Det betyr ikkje at vêret aldri vil plage meg igjen. Men kanskje taklar eg det litt betre neste gong. Og kanskje set eg også meir pris på sola, når den kjem igjen.