Vêret gjer oss musikalske

Vêrsjuk? Kanskje det kan inspirere deg til å skrive ein song eller to.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Singing In The Rain», «Blowing In The Wind», «Another Sunny Day», «Let It Snow». Dette er alle songar som handlar om vêr. Forskning.no skriv at ei forskargruppe ved Tyndall Centre for Climate Change Research har tatt for seg 759 popsongar om vêr, og analysert 419 av desse ved hjelp av ei database for karaoke. Målet har vore å finne ut kva slags vêr dei handlar om.

LES OGSÅ: Malakoff har nådd grensa

20 ulike vêrtypar
Nettsida skriv at forskarane katalogiserte med 20 ulike vêrtypar, mellom anna regn, sol, snø, storm, torden og tornado.

Det viste seg at sola gjer musikarar mest kreative. 159 av songane handlar om den. Om regnet gjer folk kreative eller depressive eller begge delar er uvisst, men 143 av songane handla i alle fall om det. Vêret som får minst merksemd i den musikalske verda er snøstormen. Berre ein song handlar om den. «Baby It´s Cold Outside» frå 1944, skrive av Frank Loesser.

Forskarane har funne ut at det faktisk er ein samanheng mellom songane og vêret som rådde på den tida den blei skrive.

– Studien vår viser at referansar til dårlig vêr i popsongar er statistisk meir signifikant i USA under dei meir stormfulle 1950- og 60-åra enn i dei stillare periodane i 1970- og 80-årene, seier den leiande forskaren bak studien, Sally Brown i ei pressemelding.

Bob Dylan på topp
Rundt 900 artistar har sunge eller laga songar om vêr. Ifølgje Forsking.no ligg Bob Dylan på topp, tett følgt av John Lennon og Paul McCartney.Vêrsongane er også populære. Heile sju prosent av dei songane som toppar lista til bladet Rolling Stone over tidenes 500 mest populære, handlar om vêret.