Det er heile 1469 fugleartar som er truga i verda - og no har forskarar funne 1000 fleire artar dei er bekymra for.
mm

Særleg jordbruk er eit problem for fuglane, ifølgje BirdLife International.

Jordbruk og skogbruk tek områder som fuglane trivst i. Når desse områda vert borte forsvinn også fuglane.

I tillegg kan artar som ikkje høyrer heime i området der fuglane bur vere med på å senke bestanden av fuglane. Klimaendringar er også med på å gjere det farleg for fuglane, skriv Forskning.no.

Drep fuglar

– Kvar gong vi gjer denne undersøkinga ser vi litt fleire artar som er truga, seier Tris Allinson i BirdLife International til den britiske avisa The Guardian.

Fagfolka meiner til dømes at italienerane ulovleg tek livet av 5,6 millionar fuglar kvart år. Særleg traner, gribbar og albatrossar står i fare.

Treng hjelp

Fagfolka kjem med fleire forslag til kva politikarane kan gjere for å redde fuglane:

  • Plante tre
  • Få kontroll på framande artar
  • Sørgje for at sjøfugl ikkje blir fanga i fiskegarn
  • Endre politikken slik at folk får økonomisk hjelp. Då vil færre kjenne seg tvungen til å øydeleggje områda fuglane treng for å leve.

Eit forsøk i Storbritannia har vist at det nyttar å hjelpe fuglane. Når bonden plantar blomar på åkeren, og ikkje klypper ned buskar, tre og gras rundt gården, kjem fuglane tilbake til gården.

Kva kan du gjere for å hjelpe fuglar der du bur?

Bygg ein fuglekasse! Følg denne lenka for å sjå korleis du kan bygge din eigen fuglekasse!

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE