Til helga kan vi få eit parti som er for sal av alle rusmiddel

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 11.05.2018 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi satsar på å vinne der Unge Venstre tapte, seier Ola Eian, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

Venstre sa nei til sal av rusmiddel i butikk. Framlegget frå Unge Venstre vart støtta av leiande politikarar i moderpartiet, men vart nedstemt. Programkomiteen i Unge Høgre har også tatt til orde for legalisering og sal av alt frå cannabis til heroin, men forslaget får lite støtte i både Unge Høgre og Høgre.

Til helga kan vi likevel få eit parti på Stortinget som er for regulert sal av rusmiddel.

Miljøpartiet Dei Grøne er i dag for å greie ut modellar for regulert sal av lettare rusmiddel som i dag er ulovlege. Om Grøn Ungdom får viljen sin, skal politikken gjelde for alle rusmiddel. Partiet skal også slå fast at ei legalisering som tillèt regulert sal skal gjennomførast.

Ikkje nok med avkriminalisering

Det er semje i regjeringa om ei rusreform. Eit utval har fått mandat til å sjå på korleis ein kan endre reaksjonar mot personar som blir tatt for å ha og bruke narkotika. Regjeringa ønsker hjelp, behandling og oppfølging, i staden for straff.

I konsekvens får vi ei slags avkriminalisering, ei utvikling Grøn Ungdom applauderer, men mandatet slår også tydeleg fast at det ikkje skal greiast ut for legalisering. Grøn Ungdom meiner det er svakt at ein ikkje ein gong skal vurdere legalisering og regulering av det som i dag er ulovlege rusmiddel.

– Den svarte marknaden har ingen aldersgrenser, inga hjelp i nærleiken, ingen informasjon eller garanti for kva produktet inneheld. Ulik styrke og reinheit er årsak til mange overdosedødsfall. Ei avkriminalisering er derfor ikkje nok til å hjelpe dei som slit mest, seier Eian.

Han meiner legalisering og strengt regulert sal vil kunne betre situasjonen for dei som likevel brukar rusmiddel, samtidig som ein kan ta knekken på finansieringskjelda til organisert kriminalitet.

– Vi blir framstilt som eit parti for fri hasj, men eg trur folk forstår at vi ønsker å redusere tilgangen. I dag er det fri flyt og ope 24/7 for kven som helst, seier Eian.

Vart latterleggjort

– I ein strengt regulert marknad, vil det ikkje likevel vere rom for ein svart marknad?

– Eg trur garantert at fleire vil over på det regulerte og trygge, men det er ingen garanti, og det blir jo seld ulovleg sprit. Det blir opp til oss å få til ei god regulering, slik vi har vore gode på når det gjeld pengespel, alkohol og ulovlege legemiddel.

Eian meiner vi ser eit tydeleg skifte i debatten. Avkriminalisering, som før vart ledd av, er no noko dei fleste no meiner kan vere lurt.

– I 2013 vart vi latterleggjorde og kalla for hasjpartiet. Stemninga var at det var eit rart og radikalt standpunkt, og det vart brukt til å skremme veljarane vekk. Det skjer ikkje no. Standpunkt som tidlegare fekk den jamne nordmann til å reise bust, er mindre kontroversielle i dag, seier han.

– Er det då lurt å presse på for endå meir radikal politikk, når ein endeleg har folket med seg?

– Eg trur ikkje vi skremmer folk frå å vere for avkriminalisering. Vår oppgåve er å vere uredde, og å stå for det vi meiner er rett, så får dei andre komme etter.