Solidaritet gjennom edruskap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Harstadværingen blei vald til leiar på landsmøtet avhaldsorganisasjonen på Follo folkehøgskole tidlegare i veka.

– Eg er veldig glad for å ha fått denne tillita frå landsmøtet. Etter mange år som aktiv medlem er det ei ære å få lov til å leia organisasjonen, og eg gler meg til å ta fatt på oppgåva, seier Øyvind Kind Robertsen.

Juvente er ein organisasjon for edru ungdom som arbeider mot rusproblem og for fred, solidaritet, menneskeverd og ei god ungdomstid.

LES OGSÅ: Éin av tre selde alkohol til mindreårige

– Mest solidarisk
Den nye leiaren er særleg engasjert i ruspolitikk, og meiner det er viktig med organisasjonar som jobbar for ein enno ansvarleg alkoholpolitikk.

– Me ser tilfelle av utholingar av dei alkoholpolitiske verkemidla våre, til dømes ved oppmjuking av alkoholreklameforbodet, og opninga for gardssal av alkohol. Me skal halda fram å jobba for at denne utholinga stoppar. Ein ansvarleg alkoholpolitikk er den mest solidariske politikken, som tar vare på dei svakaste og mest utsette i samfunnet, og dette er det veldig viktig å halda ved, seier Øyvind Kind Robertsen.

Han er frå Harstad og bur i Oslo der han nettopp har fullført mastergraden sin i statsvitskap. Han har lang fartstid frå organisasjonen, både gjennom lokale og regionale verv i Troms og Ofoten, i tillegg til fem år i Juventes landsstyre, kor to av dei som nestleiar.

LES OGSÅ: Rusa på livet

Satsar på verving
Dei siste åra har Juvente vore i overkant av 700 medlemmar under 26 år.

– Dei siste åra har det vore forholdsvis stabilt medlemstal. Som mange andre frivillige organisasjonar opplever me at det er utfordrande å verva, men me har mange planar for hausten som eg håpar og trur mange vil setja pris på, og som kan trekkja nye medlemmar til Juvente.

– Kven er medlemmar i Juvente?

– Me har eit breitt spekter av medlemmar, både når det gjeld alder, geografi og bakgrunn. Eg trur ikkje det går an å seia kva som er den typiske Juvente-medlemmen.

Juvente har kring 15 lokallag frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.

– Kva gjer eit eit typisk lokallag på?

– Lokallaga pleier å ha mange ulike aktivitetar, frå sosiale aktivitetar som hytteturar og bowling, til faglege utdanningar og kurs i saker me er oppteke av.

– Korleis kom du inn i Juvente?

– Eg melde meg inn i Juvente i 2006. Då gjekk eg på ungdomsskulen og blei kjent med Juvente gjennom eit prosjekt som heitte Rusfri Diil.

– Er det noko du og Juvente vil satsa på i året som kjem?

– I året som kjem vil me jobba for å få endå meir og betre aktivitetar, både i lokallaga og nasjonalt. Me kjem òg til å halda fram å jobba mykje ruspolitisk, men eg håpar me òg kan synleggjera at me er opptekne av andre saker, som ungdomspolitikk, fred og utvikling.

LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd

På landsmøtet blei desse vald inn i landstyret:

Leiar: Øyvind Kind Robertsen
Nestleiar: Thomas d’Maar Wessel
Styremedlem: Cathrine Michelle Hansen Lindgård
Styremedlem: Karianne Sveistrup
Styremedlem: Petter Holstad
Styremedlem: Mari E. Longva Haram
Styremedlem: Anniken Nalum Sølyst
1. vara: Marie Jahren Fludal
2. vara: Stig Johan Berggren
3. vara: Christina Babington