NHO: – Ikkje for seint å få seg sommarjobb

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tips til deg som vil ha sommarjobb

Mange verksemder har nok allereie sikra seg sommarvikarar, men det er ikkje for seint å få sommarjobb.

– Mitt beste råd er å nytte nettverket ditt aktivt. Høyr med vener, kjende og familie om dei har tips til jobbar, seier Kristina Jullum Hagen i arbeidsgivarorganisasjonen NHO.

Søker du på NAV.no er det enno over 300 utlysingar på sommarjobb, sommerjobb eller sommarvikariat. Fleire av utlysingane har fleire ledige stillingar.

Kristina Jullum Hagen seier vidare at mange verksemder set pris at jobbsøkjarar kjem innom med CV.

Då får du presentert deg personleg, og du kan formidle kvifor akkurat du har noko å bidra med i jobben, seier avdelingsdirektøren.

Kristina Jullum Hagen i NHO kjem med råd til sommarjobben. Foto: Moment Studio, NHO

Gjer ein god innsats

– Gjer du ein innsats for å læra mest mogeleg i dei fyrste jobbane dine, vil det kome til nytte seinare, seier NHO-sjefen.

For ein framtidig arbeidsgjevarar er ein kvar arbeidserfaring verdifull.

– Arbeid ved sida av studiane er det som vert verdsett høgast, når arbeidsgjevarar skal tilsetje nyutdanna, avsluttar Jullum Hagen.

LO: Få ein god arbeidsavtale

Det som LO trekk fram som eit av dei vitigaste punkta er arbeidsavtala.

– Avtalen skal innehalde kva du skal ha i løn, oppseiingstid, og ei rekkje andre punkt som gjer at ein unngår misforståingar i arbeidsforholdet. Det er viktig at du forstår arbeidskontrakta, er du usikker må du finne ut kva vilkåra er. Om du skal arbeide mindre enn ein månad, seier lova at kontrakta må vera på plass frå fyrste dag. Arbeidskontrakta er den einaste beviset du har som arbeidstakar på at du er tilsett.

Opplæring: Du har ifølgje lova rett på god og grundig opplæring i den jobben du skal gjera. Du skal og læra kva lover og reglar som gjeld på arbeidsplassen. Er arbeidsplassen overvaka skal du og få informasjon om det. Når du er under opplæring, er du på jobb, og alle som er på jobb i Noreg skal ha løn. Er du under opplæring skal du ha vanleg løn, ikkje redusert løn.

Bolette Grov (18) og Oline Nordhus (18) fortel Luna Isdal kor kjekt det er å jobba som helsefagarbeidar her på Utdanningsmessa i Sunnhordland. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker

Nytt verneutstyr: Hjelm, hørselsvern og hanskar er gode eksempel på verneutstyr. Men og ting som pasientheis i helsesektoren og løftesele for postbod kan vera verneutstyr. Under opplæringa skal du få vite om du skal nytta verneutstyr. Det kan vera ulike reglar, på ulike arbeidsplassar.

Arbeidsgjevar har det økonomiske ansvaret for å stilla med verneutstyr. Men om sjefen stiller med dette, og du ikkje nyttar deg av det – kan du miste rettane til erstatning om noko skjer under arbeid. Finn ut kven verneombodet ditt er,  og ta opp viss noko ikkje er som det skal.

Organiser deg: LO vil gjerne at folk organiserer seg. Er du organisert har du som regel tilgang til ein tillitsvald  i verksemda som kan hjelpa deg med alt som har med arbeid å gjera. Er du uheldig å vert usamd med sjefen, står du i alle fall ikkje åleine.

LES OGSÅ: 9 gode grunnar til å bli helsefagarbeidar

5 tips for å finne sommarjobb:

  • Sjekk ut jobbportalar som deltidsjobb.no, finn.no og nav.no. Søk på ord som ferievikar og sommarjobb.
  • Sjå etter stillingslysingar i lokalavisa di.
  • Bruk nettverket ditt, la folk få vite at du er på jakt etter sommarjobb. Plutseleg så veit ei tante eller ein venn av ein venn om ein arbeidsplass der dei treng folk i sommar.
  • Sjølv om ei bedrift/ein butikk ikkje har lyst ut ledige stillingar, så kan det vere dei treng folk likevel. Det skadar ikkje å spørje! Oppsøk arbeidsplassen der du kunne tenke deg å jobbe, presenter deg og legg igjen ein CV.
  • Ikkje ver kresen!